Advokatordninga til Forbrukarrådet

Publisert 9. oktober, 2015
Forbrukarrådet har ei eiga advokatassistansesordning som gjer det mogeleg å føre prinsipielle forbrukarsaker for retten.

Ønskjer du hjelp frå advokatassistansesordninga?

Av ressursgrunnar må vi prioritere dei sakene som vi meiner er av størst tyding for norske forbrukarar. Vi har sett opp nokre kriterium som må vere oppfylt for at vi kan ta saka. Saka må

  • ha vore forsøk løyst gjennom mekling med motparten
  • om mogeleg ha vore behandla av Forbrukarklageutvalet eller klagenemnd
  • i hovudsak gjelde forståinga av regelverket, og ikkje usemje om tvisten sitt faktum
  • gjelde rettsspørsmål av prinsipiell karakter

Forbrukarrådet vil kunne opptre som forbrukaren sin prosessfullmektig i domstolane, og vil kunne dekkje heile eller delar av sakskostnadene. Også andre formar for assistanse kan vurderast.

For meir informasjon om advokatassistansesordninga, sjå retningslinjene våre.

Retningslinjer for Forbrukarrådet sin advokatbistand

Er du involvert i ei sak som oppfyller kriteria nemnde ovanfor? Send  ein e-post med ei oppsummering av saka di. Legg gjerne ved sakas mest sentrale dokument.Alle førespurnader vil normalt få svar innan 14 dagar..

Send oss ein e-post