Flygeleiarstreik: Dette har du krav på

21. august, 2026

Tips og råd til deg som skal ut på reise i helga, og som kan verte ramma av streiken.


– Dersom det ser ut til at flyginga di står i fare for å verta ramma av streiken, er det viktig at du ikkje avbestiller reisa sjølv. Avbestiller du sjølv, har du nemleg ikkje krav på refusjon, noko du har om du ventar til flyet vert innstilt, seier Nora Wennberg Gløersen, juridisk seniorrådgjevar i Forbrukarrådet.


Forbrukarrådet rår deg til å venta til avgangen eventuelt vert kansellert, då har du nemleg svært gode rettar. Det er òg viktig å hugsa at reiseforsikringa di ikkje dekkjer tap som følgje av streik. 

Forbrukerjurist Nora Wennberg Gløersen.
Foto: Helen Mehammer/Forbrukerrådet

Du får tre val

Om flyet vert innstilt, eller forseinka i meir enn fem timar, som følgje av streik, har du tre val:


– Du kan velja mellom ombooking snarast mogleg, ombooking på eit seinare tidspunkt, eller pengane tilbake for reisa, fortel Gløersen.

 
Mange vil nok ønskja ombooking, i håp om å koma seg av garde på ferie raskt. Men hugs – dersom det vert streik, kan dei reelle ombookingsmoglegheitene vera små. Det er fordi verken selskapet du har billett med eller andre flyselskap har nok ledige sete.


– Selskapa har plikt til å få deg til det endelege reisemålet ditt snarast mogleg, sjølv om det tyder at du må fly med eit heilt anna flyselskap. Dersom selskapet ikkje vil ordna nye billettar til deg, eller det tek lang tid, kan du gjera det sjølv. I slike tilfelle har du rett på å få mellomlegget tilbake frå flyselskapet. Hugs at du må leggja ut i mellomtida, seier Gløersen.


I nokre tilfelle vert det lang ventetid, av og til også over natta. Då har du rett på at flyselskapet dekkjer naudsynt mat og overnatting.


– Dersom du må betala for mat og hotell sjølv, kan du krevja tilbakebetaling frå flyselskapet, seier Gløersen. Ho understrekar at du må ta vare på kvitteringane dersom du legg ut.

Både når det gjeld å bestilla alternativ reise sjølv, og dersom du må leggja ut for mat/drikke og overnatting, må du ha i bakhovudet at du har plikt til å avgrensa tapet så langt det går. Så du må halda utgiftene på eit fornuftig nivå – bruker du unødvendig mykje pengar, kan du risikera at du ikkje får det tilbakebetalt.

Rett til mat og drikke

Vert du ståande på flyplassen i påvente av ny reise, skal flyselskapet sørgja for mat og drikke, og eventuelt hotellopphald dersom det vert naudsynt. Du har krav på mat og drikke som står i eit rimeleg forhold til ventetida.

 
– I mange tilfelle kan voucheren du får utdelt frå flyselskapet, vera for liten til å dekkja kostnadene til mat. Hugs å ta vare på kvitteringar dersom du må gjera eigne innkjøp av mat og drikke, så kan du krevja det tilbake frå selskapet, seier Gløersen.

 
Til slutt har forbrukarjuristen eit soleklart råd til alle flyreisande:

 
– Dersom du ikkje får direkte beskjed frå flyselskapet om at flyet er innstilt – rekn med at det går som vanleg. Møt opp på flyplassen i god tid, så går forhåpentlegvis flyet som normalt.

nærbilde av kommunikasjonsrådgiver Maren Struksnæs.Foto

Maren Van Buren Struksnæs

Kommunikasjonsrådgiver – forbrukerrettigheter og digitale spill

Abonner på vårt nyhetsvarsel Sjekk Forbrukerrådets podcast

Relaterte saker