Fryktar at forbrukarar gløymer straumavtalen med Norgespris
1. oktober, 2025
Sju av ti straumkundar oppgir at dei ikkje har bytt straumavtale dei siste to åra. Forbrukarrådet fryktar at Norgespris kan føre til at fleire blir ståande på dyre avtalar.
Sju av ti har ikkje bytt straumavtale dei siste to åra, viser ei spørjeundersøking Verian har gjennomført for Forbrukarrådet. Dette trass i store forskjellar i kva straumselskapa tek for å fakturere kundane for straum.
– Mange slit med å orientere seg i straummarknaden. Dette blir ikkje enklare med Norgespris, og vi er redd mange trur ordninga erstattar den ordinære straumavtalen, noko han ikkje gjer, seier fagsjef Thomas Iversen i Forbrukarrådet.
– Det er viktig å ha med seg at ein dyr straumavtale ikkje blir betre med Norgespris. Det er berre straumprisen som blir frosen med denne ordninga, ikkje påslaget til straumselskapa.

Mykje å spare for mange
Ein gjennomgang frå samanlikningstenesta strømpris.no viser at påslaget på ordinære straumavtalar varierer frå 0 til over 30 øre per kWh – noko som kan utgjere fleire tusen kroner i året. Forbrukarrådet oppmodar alle til å sjekke straumavtalen samtidig som ein vurderer om det er fornuftig å slå til på tilbodet om Norgespris.
– Ikkje la fortenesta frå Norgespris bli ete opp av ein dyr straumavtale. Det er lett å samanlikne avtalen din på strømpris.no. Bytet kan gjerast med få tastetrykkar og ordnast av det nye straumselskapet ditt, seier Thomas Iversen.
– Sjekk også gjerne fakturaen din, og sjå om du betaler for unødvendige tilleggstenester som «straumforsikring» og «grøn straum». Dette er tenester du sjeldan har behov for, og som gjer lite utover å auke straumrekninga di.
Forskjell på Norgespris, straumstøtte og straumavtale
Alle straumkundar har ein straumavtale, der du som regel betaler eit påslag pr kWh i tillegg til eit fast månadleg gebyr.
I 2021 innførte regjeringa ei straumstøtteordning for å redusere utgiftene i hushalda ved høge straumprisar. Ordninga inneber at staten pr i dag dekkjer 90 prosent av den delen av spotprisen som overstig 93,75 øre per kilowattime (inkludert meirverdiavgift).
Frå 1. oktober kan du byte ut straumstøtta med Norgespris. Noregspris er ei straumstøtteordning som gir deg ein føreseieleg straumpris gjennom heile året. Ordninga trer i kraft frå 1. oktober 2025 og den noverande prisen varer i første omgang ut 2026. Prisen er sett til 50 øre per kWh (inkl. mva).
Øyvind H. Kaldestad
Fung. kommunikasjonssjef + strømmarkedet