Bærekraft

Test av kjøkkenmaskiner: — Kjøp noko som varer

23. mars, 2023

Forbrukarrådets test av kjøkkenmaskiner viser store forskjellar i både pris og vekt. Du skulle kanskje tru at dyre og tunge maskiner er dei beste og mest stabile, men slik er det ikkje. Relativt rimelege Bosch og KitchenAid hamnar øvst, medan Tristar ikkje når heilt opp.

illustrasjonsfoto av en kjøkkenmaskin i aksjon på et kjøkken, sett ovenifra.foto
Foto: Adobe stock/Dmitry_Evs.

Sjølv om testen vår av ekstra grove brød gir deg ein peikepinn på kva butikkbrød som er sunnast, er det likevel mange som vil bake brødet sjølv. Og skal ein bake brød, vispe krem, lage majones eller pasta er ei kjøkkenmaskin til god hjelp.

I testen vår er det fire kjøkkenmaskiner – tre frå Bosch og éin frå KitchenAid, som tronar øvst med 7,5 poeng av 10.

Les heile testen her.

Bosch på pallen

Bosch dei tre modellane sine, MUM50123, MUMS2TW00 og MUM5XW20 tek dei tre øvste plassane.

Produktfoto av kjøkkenmaskinen MUM50123.foto
Bosch MUM50123. Foto: Forbrukerrådet

Bosch MUM50123 er rimelegast blant dei fire øvste modellane, og skårar godt på matlaging, er lett å handtere, lagar lite støy og er haldbar. Den er likevel dårleg på pannekakerøre, så dersom du er over gjennomsnittet glad i flat «bakst» til middag bør du vurdere andreplassen. Den kostar berre ein dryg hundrelapp meir:

Produktfoto av kjøkkenmaskinen Bosch MUMS2TW00.foto
Bosch MUMS2TW00. Foto: Forbrukerrådet

Kjøkkenmaskinen Bosch MUMS2TW00 hamnar på ein andreplass, og gjer ein like god matlagingsjobb som modellen over, men er litt dyrare og meir klønete å montere.

Produktfoto av kjøkkenmaskinen Bosch MUM5XW20.foto
Bosch MUM5XW20. Foto: Forbrukerrådet

Denne kjøkkenmaskinen, Bosch MUM5XW20, skårar litt betre på matlaging enn første- og andreplassen, men er litt dyrare, bruker meir energi og er ikkje like enkel å reingjere. Den veg mykje meir enn dei to øvste modellane, men så får du også plass til meir deig i bollen.

Produktfoto av kjøkkenmaskinen KtichenAid ARTISAN 5KSM125.foto
KitchenAid ARTISAN 5KSM125 Foto: Forbrukerrådet

KitchenAids modell ARTISAN 5KSM125 får høgaste gjennomnittskår i testen, men er nesten dobbelt så dyr som førsteplassen Bosch MUM50123. Den får gode skotsmål på matlaging, men får trekk for evna til å kna brøddeig, og den bråkar litt meir enn dei andre modellane i toppsjiktet.

Tristar på botn

Testens to taparar kjem begge frå produsenten Tristar. Nest nedst finn vi modellen MX-4837. Dette er den rimelegaste maskina i testen, men ho skårar lågast av alle maskinene på haldbarheit. Etter berre åtte minutt treng den ein kvilepause, og etter fire rundar med testing måtte han ha seg ein endå lengre pust i bakken. Den får også trekk for mykje støy.

Produktfoto av to kjøkkenmaskiner fra Tristar - MX-4837 og MX-4817.foto
Tristar MX-4837 og MX-4817. Foto: Forbrukarrådet.

Heilt på botn ligg Tristar MX-4817. Den skårar aller dårlegast av alle kjøkkenmaskinene på sjølve matlaginga, og får særleg trekk på brøddeig og kakedeig. Ikkje er ho spesielt handterleg heller.

Må du kjøpe noko nytt, så kjøp i alle fall noko som varer

I skrivande stund finn du hundrevis av brukte kjøkkenmaskiner på Finn.no. Det er med andre ord mykje å spare på om du finn ein som fell i smak på bruktmarknaden. Mindre miljøskadeleg er det òg.

Men dersom du jakter etter ein flunka ny maskin, må du kjøpe noko som varer. Det seier Gunstein Instefjord, leiar for forbrukarpolitikk i Forbrukarrådet.

Gunstein Instefjord.Foto
Gunstein Instefjord i Forbrukerrådet. Foto: John Trygve Tollefsen

— Forbrukarrådets testar hjelper deg å velje miljøvennleg – også når du må kjøpe noko nytt. Det beste for både lommeboka og miljøet er å kjøpe ei brukt kjøkkenmaskin, på til dømes Finn.no. Er det likevel slik at du må ha eit nytt produkt, tilrår eg deg å velje ein av testvinnarene frå Bosch. Dei gjer jobben, er lette å handtere og er haldbare, seier Instefjord.

Andreas Framnes.Foto

Andreas Framnes

Kommunikasjonsrådgiver – bærekraft

Om testen

Forbrukarrådet har testa 16 kjøkkenmaskiner.

Vi har vurdert kor gode maskinene er på å lage mat, kvalitetsinntrykk, håndterbarhet og haldbarheit.

Alle dei testa modellane får toppskår på tryggleik.

Vi har testa maskinene for nokre basisfunksjonar, blant anna å vispe eggekvitar, lage krem og kakedeig, kna brøddeig, lage majones og lage pannekakerøre.

Alle prisar er innhenta i slutten av februar 2023.

Merk at prisane kan endre seg, så sjekk før du eventuelt går til innkjøp.

Abonner på vårt nyhetsvarsel

Relaterte saker