
Ei fersk spørjeundersøking frå Forbrukarrådet viser at det viktigaste kriteriet når folk kjøper brød til kvardags er kor grovt brødet er. Heile 59 prosent av dei spurde seier at grovskap tel mest når ein står framfor den bognande brødhylla på butikken.
I testen har vi samanlikna brød som har ein fullskravert brødskala, og dermed blir kategorisert som ekstra grove, med ein grovskapprosent på 76 -100 prosent.
Mykje fiber og høg grovskapprosent har trekt opp, medan innhaldet av sukker, metta feitt og salt har trekt ned.
Fire testvinnarar med 100 prosent grovskap
Vi fann eitt brød i kvar butikk som fekk full pott med ti poeng;
- Våre grovaste grovbrød frå Bakehuset kjøpt på Kiwi (47 kroner per kilo).
- Noras grovbrød frå Meny (62 kroner per kilo).
- Grovt & Godt protein frå Mesterbakeren kjøpt på Rema 1000 (74 kroner per kilo).
- Havreproteinbrød frå Goman kjøpt på Coop (81 kroner per kilo).

Sistnevnte er også det dyraste brødet i testen med ein kilopris på over 80 kroner. Alle testvinnarane hadde ein grovskapprosent på 100 prosent.
Mykje salt og lite fiber i taparen i testen
Testens tapar var Håndverk ekstra grovt speltbrød (58 kroner per kilo), surdeigsbrød frå Mesterbakeren kjøpt på Rema 1000.

Dette brødet fekk fem poeng, fordi det inneheld mykje salt og lite fiber samanlikna med dei andre brøda.
Billig og sunt frå Bakehuset
Eit av dei billigaste brøda i testen fekk ein niar og er Hverdagsgrovt frå Bakehuset, kjøpt på Kiwi.

Med ein kilopris på 26,50 kroner er dette eit svært godt alternativ for den som ønskjer eit rimeleg brød med høg grovskapprosent.
Må skilje mellom 0 og 25 prosent
Dei fleste brød blir i dag merka med Brødskala’n, ei merkeordning som er utforma og eigd av Baker og landsforbundet i konditorbransjen.
Du har sikkert lagt merke til sirkelen som seier noko om kor mykje heile korn, kli og sammale mjøl det er i eit brød. Jo større del av sirkelen som er farga, desto grovare skal brødet vere. Dersom heile sirkelen er farga, er brødet ekstra grovt, viss ¾ av skalaen er farga, blir brødet karakterisert som grovt.

Sjølv om grovskapprosenten skal oppgivast i tal under sjølve Brødskala’ein-sirkelen, meiner vi at sjølve skalaen visuelt bør skilje på eit brød med 0 prosent grovskap og eit med 25 prosent grovskap.
Sjå kva krav Forbrukarrådet har til endringar av Brødskala’n nedst i saka.
Brødskala’n er misvisande og må forbetrast
Merkeordninga er derfor moden for ei endring, meiner Aysha Grönberg. Ho er seniorrådgivar og ernæringsfysiolog i Forbrukarrådet.
— Merkeordninga er misvisande fordi ho framstiller alle brød som grovare enn dei i røyndommen er. Både grafikken som blir brukt på emballasjen og berekningsmetoden for kva som faktisk er eit grovt eller fint brød gjer at merkeordninga konsekvent lurer oss til å tru at vi et sunnare enn vi gjer, seier Grönberg.

Ho viser til to konkrete døme frå Forbrukarrådets test av ekstra grove brød.
— Ein av testvinnarane, som til dømes Noras grovbrød, har ein grovskapprosent på 100. Ifølgje Brødskala‘n er det eit like grovt brød som brødet Rugkjernebrød frå Goman/Coop, sjølv om sistnemnde har ein grovskapprosent på 76, seier Grönberg, og understrekar:
— Begge brøda har fullskravert sirkel, og dersom du er ute etter det grovaste alternativet er det lett å leggje feil brød i handlekorga.

Om testen:
I denne testen har vi samanlikna brød som har ein fullskravert brødskala, og dermed blir kategorisert som ekstra grove, med ein grovskapprosent på 76 -100 prosent.
Mykje fiber og høg grovskapprosent har trekt opp, medan innhaldet av sukker, metta feitt og salt har trekt ned.
Produkta er rangerte i forhold til kvarandre.
Testen er gjennomført av BraMat AS i samarbeid med Forbrukarrådet.
Les meir om Brødskala’n her: Brødskala’n – Forbrukarrådet (forbrukerradet.no)
Vi har samanlikna eit utval av ekstra grove brød som er å få kjøpt i dei største matvarekjedene.
For å gjere ei ernæringsmessig vurdering av produkta, har vi sett på innhald av metta feitt, sukker, fiber, salt og grovskapprosent.
Mykje fiber og høg grovskapprosent har trekt opp, medan innhaldet av sukker, metta feitt og salt har trekt ned.