Ulovleg stoff funne i barnemat-emballasje: Forbrukarrådet krev strakstiltak

6. juni, 2025

Nye analysar viser at fleire typar barnemat-emballasje inneheld helseskadelege nivå av bisfenol A – sjølv om bruken har vore forboden sidan 2018. Forbrukarrådet krev omgåande handling frå både produsentar og Mattilsynet.

Klima- og miljøforskingsinstituttet NILU har avdekt funn av bisfenoler i matemballasje, og dei mest oppsiktsvekkjande resultata gjeld produkt retta mot babyar og småbarn. Fem produkt vart undersøkte, og bisfenoler vart funne i alle saman.

– Dette er oppsiktsvekkjande. Det er ulovleg å bruke bisfenoler i barnematemballasje nettopp fordi stoffet er spesielt skadeleg for barn. Likevel finn vi det i produkt som blir selde i norske butikkar, seier Inger Lise Blyverket, direktør i Forbrukarrådet.

produktfoto av alle barnematproduktene som er testet.foto
BPA vart funne i alle dei fem testa produkta. Foto: Forbrukerrådet/Helen Mehammer

Bisfenol kan skade barns utvikling

Bisfenol A (BPA) er eit hormonforstyrrande stoff som mellom anna kan påverke reproduksjonsevne, nervesystem og regulering av blodsukker. Når mat kjem i kontakt med emballasje som inneheld bisfenoler, kan bisfenolene overførast til maten.

Sjølv om desse stoffa ikkje medfører ein akutt helserisiko, kan eksponering over tid ha uheldige helsekonsekvensar. Stoffet er klassifisert som særleg urovekkjande for sårbare grupper som barn, og har sidan 2018 vore forbode å bruke i emballasje til barnemat.

Likevel viser NILUs analysar at det er BPA i emballasjen til fleire barnematprodukt, og at dette kan leke over til maten.

Ei omtrentleg berekning viser dermed at eit barn på 10 kilo, som et ein heil porsjon av denne barnematen, kan få i seg rundt 2 til 4 gonger så mykje bisfenoler som Den europeiske styresmakt for næringsmiddeltryggleik (EFSA) vurderer som trygt per dag (0,2 ng per kg).

Les meir om bisfenoler i faktaboks.

– Vi valde barnemat i plast, klemmepose og glas – og fann overraskande høge BPA-nivå også i glas, noko som tyder på at også andre kjelder enn emballasjen bidreg, seier senioringeniør Jøran Solnes Skaar i Stiftelsen NILU.

Når mat kjem i kontakt med emballasje som inneheld bisfenoler, kan bisfenolene overførast til maten. Sjølv om desse stoffa ikkje medfører ein akutt helserisiko, kan eksponering over tid ha uheldige helsekonsekvensar.. 

Inger Lise Blyverket.Foto
Forbrukardirektør Inger Lise Blyverket. Foto: Forbrukerrådet/Helen Mehammer

Regelverk må gjelde alle typar bisfenoler

Stiftinga NILU har undersøkt fleire produkt, men er særleg bekymra for funna i barnematprodukta. Dei etterlyser eit gruppeforbod mot bisfenoler.

— Sjølv om BPA finst i mange kjelder er funn i emballasje for barnemat særleg urovekkjande. Bruken av BPA i produkt berekna for barn har vore forboden i fleire år, men nye analysar viser at stoffet likevel førekjem i mat og emballasje retta mot dei aller yngste, seier seniorforskar Pawel Rostkowski ved NILU senter for produktanalyse.

Han påpeikar samtidig at BPA ikkje er det einaste problemet – fleire erstatningsstoff, som BPs og BPF, har liknande hormonforstyrrande effektar:

— Regelverket må derfor utvidast til å omfatte heile gruppa av bisfenoler. Utviklinga av nye, berekraftige materiale må skje ansvarleg og vitskapsbaserte, slik at vi ikkje løyser eitt problem ved å skape eit nytt.


— Må dra i nødbremsen

I 2023 viste ein studie frå Folkehelseinstituttet at 99,6 prosent av norske barn mellom 7 og 14 år hadde BPA-nivå i kroppen som overstig den trygge grensa. Dei nye funna viser at også dei aller minste barna får i seg store mengder gjennom mat – ofte frå mat dei får servert dagleg..

All den tid det er forbode å bruke bisfenoler i barnematemballasje, etterlyser Blyverket omgåande handling frå både produsentar og styresmakter.

– Det finst ikkje gode grunnar til at babyar og små barn skal utsetjast for ulovlege og skadelege stoff i maten dei et. Her må produsentane dra i nødbremsen, og Mattilsynet reagere raskt med breiare tilsyn og strengare handheving av regelverket, seier Blyverket.

Andreas Framnes.Foto

Andreas Framnes

Kommunikasjonsrådgiver – mat og helse, digital

Fakta om bisfenoler

Kva er bisfenoler? 

Bisfenoler er ei gruppe industriframstilte kjemiske stoff som blir brukte i produksjonen av polykarbonatplast og epoksyharpiks. Det mest brukte kjemiske stoffet i denne gruppa, som blir produsert i store mengder, er bisfenol A, også kjent som BPA. Bruken av andre bisfenoler, som til dømes bisfenol S (BPs) og bisfenol F (BPF), er rett nok avgrensa, sjølv om mengdene aukar, fordi desse kjemiske stoffa blir brukte som erstatning for BPA i enkelte produkt, som følgje av restriksjonar på bruken av BPA.

Kor farleg er BPA?

BPA er mistenkt for å ha skadelege effektar på nervesystemet, fruktbarheit og åtferd. I tillegg kan stoffet ha effekt på overvekt og regulering av blodsukker. EUs mattryggleiksorgan (EFSA), konkluderer med at mat, særleg frå hermetikk, ser ut til å vere hovudkjelda til BPA i kroppen, og har derfor no komme med ei ny risikovurdering av kva som er tolererbart dagleg inntak. EFSA har sett ned grensa 20.000 gonger samanlikna med kva ein før gjekk ut frå var trygt.

Korleis kan eg unngå BPA?

Alle barnematemballasjane NILU undersøkte inneheldt bisfenoler, men innhaldet og mengd kan variere frå parti til parti.

Det er nesten umogleg å unngå BPA heilt, men frå eit helseperspektiv er det likevel nokre forholdsreglar ein kan ta, om ein ønskjer å minimere eksponeringa for spedbarn og barn:

– Ikkje bruk matbehaldarar av polykarbonat (plast som toler koking og oppvarming) i mikrobølgjeomn. Polykarbonat er slitesterkt, men over tid kan det brytast ned ved overdriven bruk ved høge temperaturar.

– Reduser bruken av hermetikk (mat og f.eks brusboksar)

– Når det er mogleg, vel behaldarar av glas, porselen eller rustfritt stål, spesielt for varm mat eller væske.

Abonner på vårt nyhetsvarsel Sjekk Forbrukerrådets podcast

Relaterte saker