Digitale spel
Dine rettar for PC-, konsoll- eller mobilspel.
Marknaden for digitale spel er stor, og mange brukar hundrevis av timar i året på spel. Når eit nytt spel blir lansert, blir det ofte marknadsført med prøveversjonar og demonstrasjonsvideoar lang tid før lanseringa.
Har spelet ein feil?
Digitalytingslova gir deg rettar viss spelet ikkje er som avtalt, eller dersom spelet bryt med reglane i lova.
Viss spelet ikkje er som marknadsført eller har feil som gjer at det ikkje fungerer som det skal, kan du krevje at leverandøren sørgjer for at feila blir retta. Feil blir ikkje retta overfor enkeltforbrukarar, men blir retta gjennom oppdateringar som alle nytar godt av. Det er likevel viktig å seie ifrå dersom du finn feil.
Du må gje leverandøren litt tid til å rette opp i feila, og etter lansering kjem det ofte store oppdateringar som rettar opp i mange forskjellige feil.
Når du oppdagar feil i spelet, kan du bruke dei tilbakemeldingsfunksjonane som ofte finst innebygd i spela eller i plattforma du kjøpte spelet på. Viss ikkje dei finst kan du vurdere å sende ein e-post eller chatte med leverandøren eller utviklaren for å påpeike feila. Viss feila ikkje blir rydda opp i, kan du krevje pengane dine tilbake.
Du kan også krevje erstatning for økonomisk tap, samt for vesentleg ulempe som følgje av feila. Ei slik vesentleg ulempe kan typisk vere at installasjonen av spelet førte til kritiske feil ved operativsystemet på datamaskina di, slik at du typisk må gjere ei gjenoppretting eller installere operativsystemet på nytt.
Døme på feil ved spel
- innhald manglar
- innhald har feil som gjer at spelet ikkje fungerer som det skal
- det er ingen eller svært avgrensa servertilgang for nettbasert fleirspeling
- spelet er dårleg optimalisert slik at det ikkje køyrer på maskinvare som spelet sjølv oppgir som tilstrekkeleg
- system for lagring og lasting ikkje fungerer som det skal
Du har rett på oppdateringar
Du har rett til å få beskjed om, og få levert, dei oppdateringane som er nødvendige for at spelet skal fungere som avtalt. Dette inkluderer både innhalds- og tryggleiksoppdateringar.
Leverandøren er ansvarleg for feil som skuldast at spelet ikkje har fått oppdateringar som det skal. Det kan avtalast at oppdateringane berre skal gjelde for eit visst antal år, og dette skal gå fram på ein klar og tydeleg måte i vilkåra.
Viss du vel å ikkje installere oppdateringar så kan du ikkje klage på feil som ville blitt retta i oppdateringane. Oppdateringane skal vere gratis.
Har du vorte utestengd?
Mange nettbaserte spel der du konkurrerer mot andre har system som skal sikre at folk ikkje juksar eller på annan måte oppfører seg dårleg. Dårleg oppførsel knyter seg som regel til hatefulle ytringar, medan juks handlar ofte om bruk av tredjepartsprogram eller hacking for å få fordelar.
Konsekvensar av å bli tatt for juks eller dårleg oppførsel kan vere alt frå eit varsel til permanent utestenging.
Det følgjer av digitalytingslova at leverandøren kan halde tilbake ytinga dersom du ikkje oppfyller din del av avtalen. Dette inkluderer også å følgje reglar for åtferd. Desse reglane må vere rimelege og balanserte, og du har krav på ei grunngjeving viss du blir kasta ut.
Det er leverandøren eller utviklaren som må dokumentere at du har brote åtferdsreglane. Viss dei ikkje klarer å dokumentere dette, kan du ikkje stengast ute. Viss leverandøren stengjer deg ute utan noka grunngjeving har du rett på å få kontoen din opna igjen.
Kor raskt må du klage på ein feil?
Du bør gje beskjed så raskt som mogleg til leverandør eller utviklaren dersom det er noko som ikkje fungerer som det skal. Dette aukar sjansen for at feilen blir retta opp i.
Det finst likevel ikkje nokon fast klagefrist for digitale ytingar, og så lenge du ikkje ventar svært lenge med å klage så mistar du ikkje rettane dine.
Kor kan du få hjelp til å løyse ein tvist?
Viss tilbydaren ikkje leverer som avtalt kan du klage. Viss du meiner at du har rett til å seie opp midt i bindingstida, enten som følgje av feil ved ytinga eller negative endringar, så gjev du beskjed om det. Kjem du ikkje til semje med leverandøren kan du klage inn leverandøren til Forbrukartilsynet for mekling.