Dersom banken ikkje leverer i tråd med avtalen, kan du klage. Det kan til dømes vere uautoriserte trekk frå kontoen din, feil renteberekning eller manglande fråråding.
Du må fyrst rette ei skriftleg klage til banken. Bruk gjerne Forbrukarrådets klagebrev.
Dersom saka ikkje løyser seg ved den skriftlege klaga di, kan du ta kontakt med Finansklagenemnda. Sekretariatet til nemnda gir deg råd både munnleg og skriftleg, og kan hjelpe deg vidare med klaga di.