Kjøp finansiert med forbrukslån, blir ofte mykje dyrare enn du trur. Kjøper du tv med forbrukslån, risikerer du å måtte betale tilbake over dobbelt så mykje som du faktisk har lånt. Har du ikkje pengar i dag, bør du spørje deg sjølv om du verkeleg har pengar til å betale tilbake det du låner i morgon.
Sjekk fyrst med daglegbanken din om tilbod. Har du eit godt forhold til banken, vil den truleg kunne gi deg eit vesentleg betre tilbod. I tillegg vil du få betre personleg rådgiving. Undersøk til dømes om du har høve til å låne med sikkerheit i bustaden til ei langt lågare rente. Du bør innhente tilbod frå andre bankar òg.
Før du bestemmer deg for å ta opp eit forbrukslån, bør du i alle tilfelle vere sikker på kva lånet faktisk kostar deg. Du har krav på å få vite kva lånet samla kjem til å koste. Du skal òg få informasjon over kor stor del av kvar innbetaling som er høvesvis avdrag, renter og gebyr.
Banken pliktar òg å oppgi effektiv rente. Dersom du skal samanlikne tilbodet til bankane, må du samanlikne den effektive renta. I den effektive renta blir alle gebyr og kostnader inkluderte, og det er effektiv rente som gir uttrykk for kor dyrt lånet faktisk er.