Sjekkliste før du sparar eller investerer

Tips og råd om kva du bør tenkje på før du plasserer pengane dine, og hugs at historisk avkastning ikkje gir nokon garanti for framtidig avkastning.

Sjekk alltid tilbodet grundig før du skriv under

Les grundig gjennom avtalen, informasjonsmateriell og vilkår før du underteiknar ein spare- eller investeringsavtale. Jo meir komplisert og ugjennomsiktig ei investering er samansett, jo større er moglegheita for pristilsløring og høge gebyr. Inngå aldri ein avtale om eit produkt du ikkje forstår. Gi deg sjølv tid til å tenkje deg om, underskriv aldri same dag som du har fått presentert produktet.  

Sjekk risiko og avkastning for ulike sparing- og investeringsformer

Tenk nøye gjennom kva du vil med sparinga di, og bestem deg for kva slags risikoprofil du vil ha. Kva for ei avkastning du kan forvente på sparepengane dine, heng nøye saman med kva for ein risiko du tek. Jo lågare risiko du tek, desto lågare forventa avkastning må du rekne med. Du tek til dømes liten risiko ved å setje pengane i banken. NB! Ver realistisk. Lovnader om høg avkastning til låg risiko er ein gjengangar blant useriøse aktørar. Høyrest noko ut til å vere for godt til å vere sant, er det som oftast nettopp det. Du finn meir informasjon om risiko og avkastning på Finansportalen.

Angrerett på finansielle tenester

Du har 14 dagars angrerett på kjøp av finansielle tenester viss avtalen vart inngått utanfor banken eller salskontoret. Dette gjer altså at du kan angre på avtalar som blir gjort på telefon, internett eller stands. Du har ikkje angrerett når avtalen vart inngått på fast utsalsstad, det vil seie banken eller salskontoret. Viss du likevel har inngått avtalen ved fjernsal, det vil seie til dømes per telefon eller på internett, har du no angrerett.

Sikringsfondet til bankane garanterer for to millionar kroner

Har du sparepengane dine i ein norsk spare- eller forretningsbank, er du etter lova dekt for inntil to millionar kroner i Bankenes sikringsfond. Tomillionersgrensa gjeld sjølv om du har fleire kontoar i same bank. Har du innskot i fleire bankar, gjeld tomillionersgrensa for kvar av bankane.

Sjekk dei beste tilboda

Her finn du meir informasjon og oversikt over dei beste spare- og investeringstilboda: