Sjekkliste før du låner

Tips til korleis du låner lurt, og kvar du til all tid finn det beste lånet på marknaden.

Sjekk om råda du får er dei rette for deg

Ver merksam på at banken sine rådgivarar er seljarar av produkta til banken, slik at du også alltid er nøydd til å gjere di eiga vurdering om kva du har råd til, sjølv om du får tilbod om lån.

Når du får tilbod om lån, har du krav på å få opplyst om alle vilkåra. Finansavtalelova pålegg òg bankar og finansieringsinstitusjonar å rå enkeltpersonar frå å ta opp lån dersom den økonomiske situasjonen til låntakaren eller noko anna tilseier det.

Sjekk at du låner lurt

  • Lån til bustad, spar til forbruk.
  • Undersøk alltid vilkåra hos fleire långivarar før du tek opp lån.
  • Långivaren pliktar å gi deg skriftlege opplysingar om rettane dine og alle viktige forhold i samanheng med lånet, det vere seg opplysingar om nominell rente, effektiv rente, kva lånet vil koste deg totalt og nedbetalingsplan.
  • Vurder nedbetalingstida på lånet jamført med det du skal investere i. Dersom du til dømes skal låne til bil, prøv å betale lånet så raskt du kan.
  • Vurder kor mykje du vil vere i stand til å betale pr. termin før du bestemmer deg. Du skal ha råd til å leve med låna dine òg, sjølv om renta stig.
  • Tilpass avtalen til din eigen økonomi. Viss du seinare får høve til å betale tilbake raskare, kan du endre avtalen.
  • Set deg godt inn i alle vilkåra, og skriv ikkje under på noko du ikkje forstår. Spør dersom det er noko du er usikker på!

Skilnad på nominell og effektiv rente

Den nominelle renta er den laupande pålydande renta i ein bestemt periode, vanlegvis eitt år.

Den effektive renta fortel kva du faktisk betaler for lånet. Det vil seie at alle gebyr (etableringsgebyr og termingebyr) du betaler, er inkluderte i kostnadsoverslaget.

Sjekk at du får det beste lånet

Forbrukarrådet gir deg til all tid oppdatert oversikt over dei beste lånetilboda. Legg inn låneopplysingane i skjemaet og finn det beste tilbodet for deg.