Organisasjonen


Forbrukarrådet er offentleg finansiert, men fristilt politisk med særskilde fullmakter, eige styre, og eigne vedtekter. Direktør i Forbrukarrådet er Inger Lise Blyverket. Styreleiar er Ingvill Kvernmo.

Forbrukarrådet sin organisasjon

Forbrukarrådet gir alle makt og moglegheit til å ta gode forbrukarval. Som forbrukar skal du vernast mot å bli utnytta, både økonomisk og digitalt. Det skal vere enkelt å ta miljøvennlege val i kvardagen.

Det starta med kvinner som etter krigen samla seg for å få betre og billegare varer. Forbrukerrådet er i dag ein uavhengig interesseorganisasjon, med offentleg finansiering.

Vi rettleier forbrukarar og påverkar samfunnet i forbrukarvennleg retning. Vi samarbeider og utfordrar breitt for å få gjennomslag, og vi er alltid på lag med forbrukar.
Med Forbrukerrådet i ryggen er det lettare å få rett når du har rett.


Slik jobbar vi

Overgangen til en sirkulær og digital økonomi endrar forbruket, og styrer våre prioriteringar.

Vår lojalitet ligg hos forbrukarane. Kunnskapen vi får gjennom tett kontakt med forbrukaren, rettleiingstenestene, arbeidet i klagenemndene, kontakt med næringslivet og eige innsiktsarbeid bruker vi til å kjempe for forbrukarane sine interesser i samfunnet.

Saman med andre nasjonale og internasjonale interesseorganisasjonar utfordrar vi styresmaktene til å lage lovverk som gjer det enklare å vere forbrukar. Vi jobbar for å sikre gode forbrukarrettar, som blir handheva slik at forbrukarane blir verna mot utnytting og utanforskap.

Gjennom rettleiingstenesta vår gjev vi tusenvis av forbrukarar gratis hjelp kvart år. På nettsidene har vi standardkontraktar, produkttestar, rettleiing for å klage og gode tips og råd. Marknadsportalane våre er gode verktøy for prissamanlikning innan straum og finans, og vi driv marknadsovervaking for å disiplinere marknadene og auke konkurransen.

Vi er med i 18 klagenemnder der vi løfter forbrukarperspektivet fram i saksbehandlinga.

Vi kjempar òg for forbrukarane sine rettar internasjonalt, og vi har klaga inn teknologigigantar som Amazon, Facebook og Google til ulike tilsyn. Vi jobbar saman med mellom anna Forbrukartilsynet, Datatilsynet og Konkurransetilsynet for å tryggje rettane til forbrukarane.

Forbrukarrådet er Miljøfyrtårn-sertifisert.