Forside > Om oss > Forbrukarrådet sitt styre

Forbrukarrådet sitt styre


Forbrukarrådet sitt styre har det overordna ansvaret for både den forbrukarpolitiske og den administrative leiinga av organisasjonen.

Styret skal sørgje for at Forbrukarrådet blir driven på den mest formålstenlege og effektive måten.

Styret skal:

  • trekkje opp hovudlinjene, gjere strategiske avgjerder og vedta planar for Forbrukarrådet sitt arbeid
  • behandle aktuelle forbrukarpolitiske saker og spørsmål
  • godkjenne budsjettforslag for Forbrukarrådet sitt arbeid, og fremje budsjettinnspel overfor departementet
  • gjere avgjerder om drifta av Forbrukarrådet
  • ha ansvar for resultatoppfølging og føre kontroll med bruk av midlar og inntektstilgang i forhold til budsjettet
  • rapportere i samsvar med økonomireglement for staten og instruks fastsette av departementet
  • avgje årleg rapport frå verksemda i form av ei årsmelding

Medlemar i styret

Anne Kathrine Slungård

Leiar

Rådmann i Stjørdal kommune

 

(valt til 2018)

Ulf Erik Knudsen

Nestleiar

Eigedoms- og vernebuingssjef i Røyken og Hurum

(valt til 2020)

Kjell Jostein Sunnevåg

Medlem

Direktør Konkurransetilsynet

 

(valt til 2018)

Monica Molvær

Medlem

Leiar Ålesund Sentrumsforening

(valt til 2018)

Beathe Due

Medlem

Leiar for Tøyen Startup Village

(valt til 2020)

Roar Hagen

Medlem

Professor ved Universitetet i Tromsø

(valt til 2020)

Mats Andre Lunde

Medlem

Ansattrepresentant

(valt til 2020)

Jarle Oppedal

Varamedlem

Ansattrepresentant

(valt til 2020)

Åse Marie Fulke

Varamedlem

Pensjonist, tidlegare seksjonssjef i Mattilsynet,  førsteamanuensis BI

(valt til 2018)

Anders Bernhard Mikelsen

Varamedlem

Førsteamanuensis BI

(valt til 2018)