Elektronikk

Blir mobilen, hodetelefonene, drillen eller hårføneren øydelagt, kan du klage i inntil fem år på feil som skuldast dårleg kvalitet.

Kor lenge etter kjøpet kan du klage?

Du kan klage i to eller fem år dersom du har kjøpt noko av ein profesjonell seljar (forbrukarkjøpslova). Kor lenge du kan klage, avheng av kor lenge tingen er meint å vare ved vanleg bruk.

Du har to års klagefrist når du kjøper noko frå ein privatperson (kjøpslova). Du finn meir om korleis du kan klaga lengre ned på sida.

Eksempler på produkter med fem års reklamasjonsfrist

Mobiltelefoner, hodetelefoner, PC, TV, vaskemaskin, stavmikser, hårføner og drill er eksempler på forbrukerelektronikk med klagefrist på fem år.

Kva skal til for at du kan klage på produktet?

Dersom årsaka til feilen er ein fabrikasjonsfeil, eller du ikkje har fått det du har betalt for, skal seljaren ordne opp. Alt skal vere som seljaren har sagt gjennom annonsering, i butikken og andre stader, og du skal ha fått all viktig informasjon

Dersom du kjende til feilen, eller den skuldast noko du har gjort eller eit uhell, må du ta rekninga sjølv. Du kan eventuelt sjekke om du har ei forsikring du kan nytte.

 OBS! Ny forbrukarkjøpslov

Du har rett til at ting som blir leverte med operativsystem eller anna programvare blir oppdatert jamleg i minst 5 år. 

Dette gjeld for produkt frå og med 1. januar 2024

Kan selger avise klaga på grunn av fuktskade?

For at seljar skal kunne avvise ein feil ved mobiltelefonen, eller andre elektroniske produkt på grunn av fukt- eller væskeskade, må det vere ein samanheng mellom feilen og væskeskaden. Det er ikkje nok å vise til utslag på ein innebygd fuktindikator. Seljar må kunne seie kva del av telefonen som er fukt- eller væskeskadt, og korleis det har ført til feilen.

Det er ikkje nok å vise til utslag på ein innebygd fuktindikator. Seljar må kunne seie kva del av telefonen som er fukt- eller væskeskadt, og korleis det har ført til feilen.

Du kan krevje låneprodukt når reparasjonen tek meir enn ei veke

Nokre ting er vanskeleg å unnvere. Du har krav på å få låne ein lånegjenstand av butikken, dersom det ikkje blir urimeleg dyrt for butikken målt opp mot kva nytte du har av tingen. Tingen treng ikkje å vere lik din, men skal kunne brukast på omtrent same måte. Du kan be om det frå fyrste dag, og har krav på det dersom det er klart at reparasjonen tek meir enn ei veke.

Er tryggleiksforsikring nødvendig?

Når du kjøper mobil, pc eller andre elektroniske produkt, blir du ofte tilbode ei tilleggsforsikring. Før du eventuelt takkar ja til ei slik forsikring, bør du sjekke kva for eit vern du har i

  • andre forsikringar
  • forbrukarkjøpslova
  • butikken sin garanti

I mange tilfelle er du godt dekt og gevinsten er gjerne liten ved å takke ja til tilleggsforsikringa. Hugs også at dette er svært kostbare forsikringar, med avgrensa dekning for eit potensielt tap du som regel har råd til å dekkje sjølv.

Angrerett på varer kjøpt på nett og utanfor butikk

Du har berre angrerett når du handlar utanfor fast utsalsstad, slik som internett og dørsal. Når du handlar i ordinære butikkar, er du prisgitt butikken sine eigne bytereglar. OBS! Samtidig lèt mange butikkar deg få byte eller returnere vara innan ei viss tid, dersom du ikkje er nøgd.

Dette er ingen lovbestemt rett, men god service frå butikken.

Slik går du fram for å klage

1. Klag til seljar

Dersom du er misnøgd med kjøpet og ønskjer å klage, må du fyrst klage til seljar. Bruk gjerne Forbrukarrådets ferdige klagebrev.

2. Ta saken til mekling

Dersom seljaren avviser klaga di og du er ueinig i avvisinga, eller du ikkje får svar innan svarfristen du har sett, kan du ta saka inn for Forbrukertilsynet for gratis mekling.