Forside > Varer og tjenester > Kultur og idrett

Kultur og idrett


Sjekk kva du bør tenkje på før du kjøper billett, og
korleis du går fram viss du ønskjer å klage.

Forsikre deg om at du får billettane

Check
Nei

Billetter til teaterframsyningar, konsertar, idrettsarrangement og liknande, kjøper du tryggast via dei offisielle salskanalane. Vel du andre salskanalar, bør du forsikre deg om at billettane blir leverte, og at det er ekte billettar.

Bruk kredittkort dersom du betaler på førehand

Check
Nei

Det er ekstra trygt å betale med kredittkort, ved at du kan halde banken (kredittgjevar) ansvarleg dersom avtalen ikkje blir gjennomført. Dersom du til dømes ikkje får billettane, og seljaren ikkje vil betala pengane tilbake, kan du krevja pengane tilbake frå banken.

Du kan krevje pengane tilbake dersom du har betalt meir enn billettane opphavleg kosta

Svar
Nei

Billettar kan òg kjøpast i andrehandsmarknaden. Det er ei fin moglegheit for å få avsetning på billettar ein av einkvan grunn ikkje kan nytte. Det er likevel ikkje tillate å krevje betaling utover det billetten kosta, inkludert eventuelle gebyr.

Blir eit kjøp gjennomført til overpris, kan kjøpar krevje tilbake det som er betalt utover det billetten opphavleg kosta. Kjøpar kan òg behalde billettane.

Det er ikkje angrerett på kjøp av billettar

Svar
Nei

Det er ikkje angrerett på kjøp av billettar til kultur- eller idrettsarrangement, sjølv om billettane er kjøpte på til dømes internett. Skulle du ombestemme deg etter at kjøpet er gjennomført, kan du altså ikkje krevje pengane igjen, med mindre det følgjer av avtalen du har inngått.

Har du kjøpt billettane som ein del av ei pakkereise, til dømes at du kjøper reise og konsertbillett i same pakke, gjeld avbestillingsreglane i pakkereiselova. Det kan gje moglegheit for avbestilling og heil eller delvis refusjon, avhengig av kor lenge det er til reisa startar. Les meir om rettane dine ved kjøp av pakkereise.

Du har krav på pengar igjen ved feil billett og billettar som ikkje blir leverte

Svar
Nei

Dersom billettane ikkje blir leverte som avtalt, har du krav på pengane igjen, så framt det ikkje er mogeleg å skaffe billettar. Har du hatt utlegg til dømes til reise eller til anna som du ikkje får nytta, kan det vere aktuelt å få erstatta desse av billettseljar.

Får du andre billettar enn dei du har bestilt, kan du ha moglegheit til å krevje prisavslag. Har du betalt dyrt for dei beste sitjeplassane på langsida på stadion, vil du kunna krevje prisavslag om du får billettar til dårlegare plassar i ein sving.

Du har i utgangspunktet krav på refusjon ved avlysing

Svar
Nei

Dersom arrangementet blir avlyst, vil du i utgangspunktet ha krav på å få tilbake billettpengane. Har arrangøren teke atterhald ved sal av billetten, kan det føre til at du ikkje har krav på tilbakebetaling.

Kjem avlysinga av konkurs hos arrangøren, er det svært lite sannsynleg at det er noko å hente. Har du betalt med kredittkort, kan du likevel klage til banken og krevje pengane refundert.

Blir arrangementet avbrote etter at det har starta som følgje av vêr, sjukdom eller andre tilhøve, vil du kunne ha krav på avslag. Det er likevel svært vanleg at arrangøren tek atterhald mot tilbakebetaling ved slike situasjonar, noko som kan ta frå deg moglegheita til prisavslag.

 

Kan du ha krav på pengar igjen på bongar eller betalingsarmband?

Check
Nei

Mange festivalar legg opp til at kjøp av mat, drikke og anna skjer ved bruk av bongar, betalingsarmband eller andre lukka betalingsløysingar. Felles for desse er at dei krev innbetalingar for festivaldeltakarane på førehand.

Ved bruk av bongar er det vanleg at festivalen tek atterhald om at dei ikkje refunderer ubrukte bongar. Då vil bongane vere verdilause etter at festivalen er over. Viss det ikkje er teke eit slikt atterhald, bør du kunne krevje ubrukte bongar innløyst.

Mange festivalar er i ferd med å ta i bruk meir avanserte løysingar, som t.d. betalingsarmband. Også her vil det i utgangspunktet vere opp til festivalane å avgjere vilkåra for bruk. Sjekk difor vilkåra før du tek løysingane i bruk. Kan du få refundert innbetalte beløp? Skjer dette i tilfelle automatisk, eller må du gjere noko aktivt?

Slik klagar du på arrangementet

Svar
Nei

1. Klag til arrangøren

Dersom du er misnøgd med arrangementet, bør du klage på staden. Det vil ofte kunne løyse problemet, og er ein føresetnad for å nå fram med klager i ettertid.

Om saka ikkje løyser seg der og då, kan du klage til arrangøren i ettertid. Klag skriftleg med Forbrukarrådets klagebrev. Det same gjeld klager på billetten og levering av denne.

Klagebrev til arrangør

 

2. Ta saka til Forbrukarrådet

Dersom du ikkje når fram med klaga di til arrangøren eller billettformidlaren, kan du ta saka til Forbrukarrådet.

Ta saka til mekling hos Forbrukarrådet