Det løner seg å sjekke andre sine røynsler ved å søkje på nettet, og spørje venar om dei vil tilrå nokon. Du kan undersøkje om alt ser ut til å vere i orden med drifta i Brønnøysundregistera.
Set deg inn i prisane til stader kor det er aktuelt å gå. Somme tilbyr abonnement på til dømes skjortereins, og du kan vurdere om det løner seg for deg. Set deg inn i kva vilkår som gjeld. Kva skjer til dømes dersom eit plagg blir øydelagt?
Ta deg tid til å forklare kva du ønskjer, og gjer det gjerne skriftleg. Skal du få fjerna ein flekk av hollandaise, er det større sjanse for at det går bra dersom du forklarer kva det er. Skal buksa leggjast opp i tidsriktig lengd, bør du forsikre deg om at de er samde om kva det betyr, så ta mål.
Sjå over kleda når du hentar dei. Er ikkje resultatet bra nok, eller noko er borte eller skadd, bør du klage så fort som mogeleg. Ordnar det seg ikkje, bør du klage skriftleg med Forbrukarrådets klagebrev. Dokumenter gjerne med bilete eller vitne, og be om svar innan 14 dagar.
Dersom de ikkje har avtalt prisen, skal den vere det som er vanleg for tilsvarande arbeid i området ditt. Fekk du berre eit prisoverslag, kan sluttrekninga aldri bli meir enn 15 prosent høgare.
Blir de ikkje samde, kan du ta saka til Forbrukertilsynet.