Treningssenter

Kontrakten avgjer kva for rettar og plikter du har.

Sjekk bindingstida

Spørsmål om treningssenteras bindingstid er ein gjengangar. Er det bindingstid? Kan du seie opp avtalen dersom du skal flytte? Kan du fryse avtalen viss du til dømes blir sjuk, eller du er for ivrig og pådrar deg ein idrettsskade? Svara finn du i avtalen du har inngått.

Ver oppmerksam på at mange senter krev å sjå ei sjukemelding på førehand for å fryse medlemskapet, slik at du ikkje kan kome i ettertid og krevje pengane tilbakebetalt.

Sjekk totalprisen

Sjekk alltid totalprisen når du inngår ein avtale med treningssenteret. Sjølv om treningsavgifta ikkje er så høg, kan totalprisen bli det når etableringsgebyr og oppstartsavgifter blir lagt til. Treningssentera er pålagt å opplyse om prisane i eigne lokale og på nettsidene sine.

Merk at nokre treningssenter krev at du må inngå ein avtalegiro-avtale for betaling. På den måten kan treningssenteret få pengane automatisk frå kontoen din. Ein slik avtale må du sjølv opprette i banken. Når du seier opp avtalen med treningssenteret, må du passe på at avtalegiro-trekket stansar.

Sjekk alltid oppseiingsfristen

Sjekk alltid oppseiingsfristen, og korleis du må seie opp. Vanlegvis er fristen ein månad, men den kan òg vere lengre.

For å vere sikker på at begge partar har fått med seg oppseiinga, er det lurt å sende ein e-post av bevisomsyn. Dette kan vere ei grei forsikring mot å måtte betale for ein ekstra månad.

Du er prisgitt kontrakten

Forbrukartilsynet har utarbeidd tips for kva du bør tenkje på når du skal byrje å trene. Du og treningssenteret står likevel i prinsippet fritt til å avtale det de ønskjer, noko som i praksis betyr at du må godta det treningssenteret seier.  

Angrerett på avtale med treningssenteret

Du har angrerett, viss du inngår avtalen med treningssenteret på internett eller på ein stand på gata. Gjer du det derimot ved skranken eller i treningslokalet, er det ingen angrerett med mindre det står i vilkåra. Du har likevel i alle høve krav på å få all naudsynleg informasjon.

Slik klagar du på treningssenteret

1. Klag til treningssenteret

Dersom du er usamd med treningssenteret om tolking av avtalen, må du ta dette opp – og eventuelt klage skriftleg til treningssenteret. Bruk gjerne Forbrukarrådets standard klagebrev.

2. Tak saka til Forbrukertilsynet