Vaskehjelp

Kva du bør tenkje på når du kjøper vasketenester, og korleis du kan klage viss du ikkje er nøgd med resultatet.

Sjekk med fleire byrå

For å sikre deg ein god avtale, bør du be om pristilbod frå fleire reingjeringsfirma. Skildre jobben så detaljert som mogleg, og ta med særleg utfordrande eller spesielle forhold. Oppgi talet på kvadratmeter, rom, etasjar og meter under taket. Dersom det er snakk om fast vaskehjelp, kan du spesifisere kva som skal gjerast, og kor ofte.

Sjekk seriøsiteten til vaskebyrået

Før du slår til på eit tilbod, bør du sjå til at du har fått fyldige kontaktopplysingar av byrået. Det løner seg òg å sjekke erfaringane til andre  ved å søkje på nettet, og undersøkje om alt lèt til å vere i orden i Brønnøysundregistera. For å sikre deg mot at du betaler for svart arbeid, kan du følgje råd på handlehvitt.no.

Skriv kontrakt

Når de skal skrive ein kontrakt, er det viktig at vaskebyrået har vore på synfaring. I kontrakten som byggjer vidare på pristilbodet, må de få med moment som dukka opp. Sjekk alle vilkår nøye, og avtal korleis reinhaldaren skal kome seg inn i bustaden. Sørg for at du får ein totalpris, inkludert moms.

Avtal pris

Viss det blir usemje, er det ofte om pris. Prisen bør vere avtalt i kontrakten, men dersom det ikkje er gjort, skal han vere det som er vanleg for tilsvarande arbeid i området ditt. Fekk du berre eit prisoverslag, kan prisen aldri bli meir enn 15 prosent høgare.

Slik klagar du

1. Klag til vaskefirmaet

Viss du meiner at firmaet har brote avtalen, eller at noko er blitt borte eller skadd, bør du klage så fort som mogleg. Gjer det òg skriftleg med Forbrukarrådets klagebrev. Dokumenter gjerne med bilete eller vitne, og be om svar innan 14 dagar.

2. Ta saka til Forbrukertilsynet

Viss de ikkje blir samde, kan du ta saka til Forbrukertilsynet, som kan mekle i saka.