Grunn til å klage?

Du kan reklamere opptil fem år, avhengig av kor lenge det du har kjøpt er meint å vare. Det er to års klagefrist ved kjøp frå privatperson.

Har du grunn til å klage?

Kva skuldast feilen?

Er det ein fabrikasjonsfeil, eller om du ikkje har fått det du har betalt for, må seljaren ordne opp. Alt skal vere som seljaren har sagt gjennom annonsering, i butikken og andre stader, og du skal ha fått all viktig informasjon.

Dersom du kjende til feilen, eller den skuldast noko du har gjort, eller eit uhell, må du ta rekninga sjølv. Du kan eventuelt sjekke om du har ei forsikring du kan nytte.

OBS! Ny forbrukarkjøpslov

Du har rett til at ting som blir leverte med operativsystem eller anna programvare blir oppdatert jamleg i minst 5 år. 

Dette gjeld for produkt frå og med 1. januar 2024

Klagefristen er to eller fem år

  • Du kan klage i to eller fem år dersom du har kjøpt av ein profesjonell seljar (forbrukarkjøpslova).
  • Du har to års klagefrist når du kjøper noko frå ein privatperson (kjøpslova).

Kva kan du krevje?

Så snart det er slått fast at feilen er seljaren sitt ansvar, skal han tilby reparasjon eller ny vare. Det skal du få innan rimeleg tid. Det skal ikkje vere til vesentleg ulempe for deg, og seljaren kan normalt ikkje freiste å reparere den same feilen meir enn to gonger.

Klarer ikkje seljaren å reparere eller å gi deg ei ny vare, kan du få eit prisavslag eller pengane tilbake. Du kan då be om forseinkingsrente, men seljaren kan også redusere beløpet for den tida du har kunna bruke vara. Dersom du har fått utgifter på grunn av feilen, kan du også be om erstatning. Utgiftene må då ha vore nødvendige.

OBS! Ny forbrukarkjøpslov

Etter ny lov har seljar berre rett til å anten reparere eller gi nytt produkt éin gong per kjøp. Dette gjeld òg feil av ulik art. Merk at seljaren kan ha rett på fleire retteforsøk dersom det er rimeleg. 

Dette gjeld for produkt frå og med 1. januar 2024

Når vara blir «seld som den er»

Når du kjøper noko brukt, står det ofte at vara blir «seld som den er». Det innskrenkar rettane dine noko, men seljaren må framleis ha fortalt deg alt som er viktig, han må halde det han har lovt, og vara skal vere som du kan forvente deg.

Har du kjøpt noko av ein privatperson, må vara vere vesentleg dårlegare enn du kunne forventa deg for at du skal ha grunn til å klage.

OBS! Ny forbrukarkjøpslov

Næringsdrivande har ikkje lenger moglegheit til å selje ting «som ho er» eller med liknande generelle atterhald om tilstanden. Det må bli gitt konkret informasjon om svakheitene til tingen dersom dei finst. 

Handlar mellom to private kan framleis ha generelle atterhald, inkl. «som han er.»

Dette gjeld for produkt frå og med 1. januar 2024

Sjekk butikken sin garanti

Ekstra tryggleik

Dersom du har ein garanti, kan det hende du kan klage sjølv om reklamasjonsfristen er ute. Ein garanti lèt deg ofte klage på fleire typar feil, så sjekk vilkåra i garantien.

Lova gjeld uansett

Dersom seljaren seier at feilen ikkje går på garantien, kan du framleis ha rett til å klage takka vere forbrukarkjøpslova.

Slik går du fram for å klage til seljar

Dersom du ønskjer å klage, må du fyrst ta saka opp med seljar. Blir du ikkje einig med seljar, kan du klage saka inn for Forbrukertilsynet eller ei klagenemnd.