Mat

Fire av ti nordmenn kjenner seg lurt i daglegvarebutikken

13. oktober, 2021

Så mange som 41 prosent av norske forbrukarar kjenner seg lurt fordi opphavsmerkinga på matvarer er for dårleg, viser Forbrukarrådet si eiga undersøking. – Sjølvsagt ikkje godt nok, seier Gunstein Instefjord i Forbrukarrådet.

Forbrukarrådet si YouGov-undersøking om korleis mat blir opphavsmerkt, viser at fleire enn fire av ti nordmenn har opplevd å kjenne seg lurt når dei har handla mat på butikken. Årsaka er at merkinga av opphavsland er for dårleg.

Norsk så langt lageret rekk

Mange forbrukarar ønskjer å handle mat som er laga av norske råvarer, men på grunn av uklar merking kan dei ende opp med kjøt frå Tyskland, blomkål frå Nederland eller salat frå Spania. I mange tilfelle går det ikkje eingong fram av emballasjen kvar produktet kjem frå.

– I nokre tilfelle kan det vere opplyst at […] vi brukar norske råvarer så langt lageret rekk, eller at kjøtet har opphav frå Noreg/Tyskland. Forbrukaren får altså ikkje presis og god nok informasjon om produktet sitt opphav i kjøpsaugneblinken. Det seier Gunstein Instefjord, fagleiar for forbrukarpolitikk i Forbrukarrådet.

Gunstein Instefjord. Foto
Foto: Kjell Håkon Larsen

Han peikar på at produkta si plassering i butikkane er med på å skape forvirring.

– Når kjøt frå Norge og kjøt frå Tyskland har identisk emballasje og ligg ved sida av kvarandre i butikkhyllene, endar forbrukarar som ønskjer å kjøpe norsk kjøt, gjerne opp med to ting: feil produkt og ei kjensle av å ha blitt lurt. Fleire produkt er òg merkte med eit norsk flagg og informasjon som til dømes at eit brød er «bakt i Noreg», seier Instefjord, og understrekar:


– Det gjev ikkje forbrukarane informasjon om kvar ingrediensane kjem frå, noko som sjølvsagt er viktig for nordmenn når dei handlar mat.

Produktbilder av fjellbrød, Brokkoli, blomkålris og blomkål-miks.Foto
Nokon døme på opphavssmerking: Norsk (?) Fjellbrød, Brokkoli og blomkål-miks med ukjent opphav og Blomkålris som kan vere fra Noreg. Alle foto: Cesilie Aurbakken/Bygdekvinnelaget

– Krav om merking må gjelde alle matvarer

Instefjord viser til undersøkinga, der det kjem fram at nær halvparten av forbrukarane (48 prosent) meiner at det er viktig at opphavsland kjem godt fram på pakninga og emballasjen.


Jorun Henriksen, som er leiar i Norges Bygdekvinnelag, etterlyser endringar i regelverket for opphavsmerking.


– Undersøkinga viser at mange forbrukarar er opptekne av å få tydeleg informasjon om kva land maten kjem frå. Krav om merking av opphavsland må difor gjelde for alle matvarer, til dømes brød og bakevarer, og ikkje berre for utvalde produkt slik regelverket er i dag, seier Henriksen.

orun Henriksen i Norsk Bygdekvinnelag. Foto
Jorun Henriksen i Norsk Bygdekvinnelag. Foto: Mona-Lisa T.

– Må bli enklare å velje

Ettersom nesten halvparten av norske forbrukarar har kjent seg lurt av for dårleg opphavsmerking, er det tydeleg at den ordninga vi har i dag, ikkje er god nok, meiner Instefjord i Forbrukarrådet.


– Nokre ønskjer biff frå Tyskland, andre vil ha biff frå Noreg – poenget er at det må bli enklare for forbrukarar å ta opplyste val når vi handlar maten vår. No må daglegvarebutikkar og matvareprodusentar lytte til kundane sine og merke emballasjen tydelegare med opphavsland.


– Å skilje kjøtdeigpakkane tydeleg etter opphavsland i ferskvaredisken, slik at dei ikkje ligg hulter til bulter, er ein god start for å unngå mistydingar – før betre merking er på plass, understrekar Instefjord.

Forbrukerrådets presentasjon av hovedfunnene
Andreas Framnes.Foto

Andreas Framnes

Kommunikasjonsrådgiver – bærekraft

Bilde av ansatt: Gunstein Instefjord.Foto

Gunstein Instefjord

Leder for forbrukerpolitikk

Abonner på vårt nyhetsvarsel