Mat

Forbrukarrådet etterlyser fortgang i arbeidet med felles register for medisinbehaldning

4. februar, 2022

Under pandemien opplever heile fire av ti nordmenn at apoteket ikkje har medisinen dei treng. For at norske forbrukarar skal få tilgang til medisinen dei ønskjer, må ein intensivere arbeidet med eit felles register på tvers av alle apotekkjeder, meiner Forbrukarrådet.

Samling av medisin og piller
Fire av ti har opplevd at apoteket ikkje har medisinene deres på apoteket. Foto: freestocks on Unsplash

Som i 2019, opplever stadig fire av ti nordmenn at dei ikkje får tak i medisinen sin på apoteka. Talet er framleis for høgt i 2021, meiner Forbrukarrådet.

Felles register må innførast snarast

Sidan 2019 har Forbrukerrådet ønskja en løysing som gir forbrukarane ein enkel måte å søkje opp lagerstatus på tvers av apotekkjedene. Ei slik løysing vil styrke beredskapen, og vart også tilrådd i Helsedirektoratet sin rapport for Nasjonal legemiddelberedskap i 2019.


Arbeidet med ei slik ordning er i gang, men ingen løysning er på plass. Det er uheldig, meiner Inger Lise Blyverket, direktør i Forbrukarrådet. Ho etterlyser fortgang i prosessen.

– Det er viktig at dette gis høg prioritet. No må både Apotekforeningen og kjedene vise at det tek medisinbrukarane sin helse og tryggleik på alvor. Eg etterlyser også styresmaktene; dei må stille krav om at bransjen får eit slikt register på plass eller etablere det sjølv, seier Blyverket.

Inger Lise Blyverket.Foto
Direktør i Forbrukarrådet, Inger Lise Blyverket. Foto: John Trygve Tollefsen


Ifølge Blyverket vil ikkje eit søkbart register på tvers av apotekkjedene eine og alene løyse den nasjonale medisinmangelen, men det vil gjere det enklare for forbrukar å få tilgang til dei medisinane dei treng og som faktisk er tilgjengeleg.

– Forbrukarane vil berre få tak i medisinen sin, og bryr seg sannsynlegvis lite om kva for apotekkjede som har medisinen inne, seier ho.

Ventetid på medisin gir angst og bekymring

Ifølge ei undersøkning utført av Norstat har 7 av 10 nordmenn venta ei veke eller meir for å få tak i medisinen dei har behov for. Snaut 3 av 10 har opplevd å vente i over ein månad. Ventetida går utover livskvaliteten:

– Nesten fire av ti som har opplevd legemiddelmangel seier dei har vore engstelege for eige helse på grunn av dette. Det er ei unødvendig bekymring ein må til livs. Det talet var for høgt for to år sidan, og er for høgt no, seier Blyverket, og understrekar:

– Ei oversikt over kor medisin er tilgjengeleg er ei investering i helse, livskvalitet, tid og økonomi. I ytterste konsekvens vil det kunne gi færre sykedagar og sjukehusdøgn.

Andreas Framnes.Foto

Andreas Framnes

Kommunikasjonsrådgiver – bærekraft

Abonner på vårt nyhetsvarsel