Forbrukeragenda 2030 peikar i rett retning
2. oktober, 2026
Regjeringa la i dag fram Forbrukeragenda 2030. Særleg positivt er erkjenninga av at forbrukarar treng auka vern gjennom innebygd forbrukarvern og auka ansvar for næringslivet.
Forbrukeragenda 2030 presenterer retning og innsatsområde for forbrukarpolitikken til regjeringa dei neste åra.
Forbrukarrådet er glad for at agendaen er så tydeleg på at ansvaret for å ta gode og trygge val ikkje kan liggje hos forbrukarane åleine, men i større grad må vere innebygd og på systemnivå.
– Vi opplever at regjeringa har gjort gode vurderingar av forbrukarutfordringane framover, og korleis vi kan skape ein tryggare forbrukarkvardag, eit motstandsdyktig samfunn og meir velfungerande marknader, seier direktør Mette Fossum i Forbrukarrådet.
– Vi ser fram til å samarbeide om eit sterkare forbrukarvern, der det ikkje er opp til kvar enkelt å sikre eigne forbrukarrettar. Forbrukarrådets eigne prioriteringar er også synlege i agendaen, og vi er klare til å slåst for interessene til forbrukarane framover.

Forbrukarrådet er også positiv til at agendaen vektlegg behovet for å leggje betre til rette for eit forbruk som reduserer klima- og miljøfotavtrykket, slik at det blir enklare å ta gode og berekraftige val.
– No er det sjølvsagt viktig at Forbrukeragenda 2030 blir meir enn store ord og gode intensjonar. Dette gjeld ikkje minst å sikre at forbrukarar får rett når dei har rett gjennom regulering og effektiv handheving av det regelverket vi allereie har, seier Mette Fossum.
Øyvind H. Kaldestad
Digitale rettigheter og strømmarkedet