Siste nytt

Hjelp, vi flyg (ikkje)!

2. oktober, 2021

Det er stor skilnad på ei avbestilling og ei kansellering. Men veit du kva skilnaden er?

Delar av verda har opna att, og i desse haustferietider legg mange pandemiutslitne nordmenn ut på den første utanlandsreisa si på uvanleg lang tid. Men om det er éin ting dei siste 18 månadene har lært oss, så er det at ting kan endre seg på kort varsel.

Så kva skal du gjere dersom det ser ut til at flyginga du har gledd deg til, blir kansellert av flyselskapet? Forbrukarrådet har ei soleklar oppmoding til norske reisande:


– Dersom det ligg an til at flyginga di ikkje kjem til å gå som planlagt, til dømes på grunn av koronaproblem, så er det veldig viktig at du ikkje avbestiller flybillettane sjølv – med mindre du er sikker på at du har ein type billett som sikrar deg full refusjon ved avbestilling, seier juridisk seniorrådgjevar Thomas Iversen i Forbrukarrådet.   


Det er nemleg slik at dersom flyselskapet kansellerer turen, så har du rett til å få refundert heile billettprisen eller bli transportert til reisemålet så raskt det lèt seg gjere. Men dersom du har billigbillettar og sjølv avbestiller reisa, så har du sjeldan krav på meir enn nokre få kroner.

Bør du avbestille sjølv? 

Det enkle svaret er «Nei». Dersom det ser ut til at flyet ditt ikkje kjem til å gå, så vent til flyselskapet kansellerer.


– Vi opplever at forbrukarane sjølve avbestiller når det ligg an til at reisa kjem til å bli kansellert. Det er nok mange som tenkjer at det er lurt, og at dei har planlagt godt. Problemet er at du som regel ikkje har rett på full refusjon når du avbestiller. Det er kansellering frå flyselskapet si side som utløyser full attendebetaling, seier Iversen.   

Han oppmodar forbrukarane til å ha is i magen no som mange skal ut på haustferie med fly for første gong på lang tid. 

– Vent til flyselskapet sjølv kansellerer – sjølv om dei ofte ventar så lenge dei kan og tett opp mot avreisa! Ver tolmodig, så slepp du at både ferien og sparepengane går i vasken. 

Forvirrande språkbruk 

Mange flyselskap har ein språkbruk som kan vere ei medverkande årsak til at forbrukarar avbestiller reisa og går glipp av refusjon. Knappen for avbestilling heiter ofte noko slikt som «Søk om refusjon», og dette kan gje inntrykk av at du får att alle pengane dersom flyselskapet seinare kansellerer flyet. Slik er det altså ikkje.

– Her må selskapa skjerpe seg. Vi oppmodar flyselskapa om å vere tydelege i kommunikasjonen med kundane. Før kunden avbestiller flybillettane, må det kome tydeleg fram at ei slik avbestilling ikkje gjev rett til refusjon, seier Iversen.   


Ofte er det berre dei dyrare, fleksible billettypane som gjev rett til full refusjon òg dersom forbrukaren sjølv tek initiativet. Dersom du ikkje har kjøpt ein slik fleksibel billett, har du neppe krav på å få att pengane dersom du sjølv avbestiller ei reise. 


Og hugs: Dersom flyet blir forseinka, bagasjen din blir borte eller turen blir kansellert, kan du alltid få full oversikt over rettane dine i flykalkulatoren vår:

Forbrukarrådet sin flykalkulator
nærbilde av kommunikasjonsrådgiver Maren Struksnæs.Foto

Maren Van Buren Struksnæs

Kommunikasjonsrådgiver – forbrukerrettigheter og digitale spill

Thomas Iversen.Foto

Thomas Iversen

Seniorrådgiver/forbrukerjurist

Abonner på vårt nyhetsvarsel