Strøm

Inga betring for norske straumkundar

21. oktober, 2021

Fire av ti seier framleis at dei blei lurte då dei inngjekk straumavtale. Det hastar med å følgje opp Stortinget sine tiltak for ein meir forbrukarvenleg straummarknad, meiner Forbrukarrådet.

Forbrukarrådet si straumundersøking for 2021 viser at det ikkje er betring å spore for straumkundane. Framleis seier fire av di at dei opplever at dei blei lurte då dei kjøpte straum.

I undersøkinga som Norstat gjennomførte for Forbrukarrådet, kjem det òg fram at 44 prosent har opplevd at prisen blei sett opp snart etter at avtalen var inngått, og 36 prosent har opplevd at prisen blei høgare enn det som var oppgjeve.

Strømmast.Foto
Foto: Forbrukarrådet

– Vi kan ikkje leve med ein marknad der kundar framleis blir lurte til å betale for mykje for straumen. Vi ventar utolmodig på at stortingsvedtaket om å få på plass ein meir forbrukarvenleg straummarknad skal bli følgt opp, seier forbrukardirektør Inger Lise Blyverket.

– I dag er det på det næraste umogleg å samanlikne straumprisane. Kundane anar rett og slett ikkje kva som er ein billig eller dyr straumavtale. Dei anar heller ikkje kva som er ein kortvarig og kva som er ein varig pris. 

Nesten umogleg å ta gode val 

I vår fekk Forbrukarrådet gjennomslag hjå eit samla Storting for fleire tiltak som vil gjere det enklare å velje gode og billige avtalar:

  • Det må kome på pass ein enkel og einskapleg pris på alle avtalar på same måten som vi har effektiv rente på lån eller literpris på bensin.
  • Det må vere obligatorisk å opplyse om kor lenge prisen på ein straumavtale minst varer.
  • Det må bli krav om at selskap som sel straum, skal opplyse kundane i god tid og gjennom tydeleg merkt informasjon før dei gjer endringar i avtalen.

– Vanlege forbrukarar kan spare tusenvis av kroner på å velje rett straumavtale. Vi vil tru at det kjem godt med for dei fleste, ikkje minst no som vi har hatt høge straumprisar det siste året, seier Inger Lise Blyverket. 

– Diverre har selskapa som sel straum, synt lita vilje til å ordne opp på eiga hand, og dei har heller ikkje betalt attende pengar til kundane sine når selskapa har blitt tekne i lureri. Vi vonar at Forbrukartilsynet og NVE vil setje fullt trykk på dette arbeidet slik at vi blir sikra rett og god informasjon når vi kjøper straum.

Slik finn du dei beste straumavtalane

Samanlikn avtalen du har i dag med dei beste avtalane på strømpris.no og byt til ein billigare og langvarig avtale.

Historisk sett løner det seg å inngå ein spotprisavtale der prisen svingar i takt med prisane på kraftbørsen. Dersom det blir for uføreseieleg for deg, kan du velje ein fastprisavtale. Hugs å sjekke kor lang bindingstida er og kor høgt gebyr du må betale dersom du bryt avtalen. 

Og kva du enn gjer: ikkje kjøp straum på døra, på gata, per telefon eller i elektronikkbutikken. Då er det nesten garantert at du vil ende opp med å betale meir enn du må.

Forbrukarrådets straumundersøking 2021
Bilde av ansatt: Øyvind Herseth Kaldestad.Foto

Øyvind H. Kaldestad

Kommunikasjonsrådgiver – digitale rettigheter og strøm

Abonner på vårt nyhetsvarsel