Forside > Siste Nytt > Kommunane veit for lite om kvaliteten på eigne tenester

Kommunane veit for lite om kvaliteten på eigne tenester

23. august, 2019
Berre tre av ti kommunar har brukarundersøkingar på nettsidene sine. Forbrukarrådet er bekymra for kjennskapen kommunane har til kvaliteten i barnehagar, SFO, sjukeheim og heimehjelp.

– Når nettsidene manglar informasjon om tilfredsheita til brukarane, er det nærliggande å tru at desse undersøkingane ikkje blir utførte, eventuelt at dei hamnar i skuffen, seier fagdirektør Anne Kristin Vie i Forbrukarrådet.

– Vi forventar at kommunane strevar etter å tilby så gode tenester som mogleg. Brukarundersøkingar er eit grunnleggande verktøy for å oppnå dette og forbetre tilbodet til sine eigne innbyggarar.

Foto: John Trygve Tollefsen

I undersøkinga har Forbrukarrådet gjennomgått nettsidene i fylka Troms, Rogaland, Østfold og Akershus, i tillegg til dei 10 mest folkerike kommunane i landet.

Asker kommune kjem best ut og får full skår, følgd av Oslo og Sarpsborg. I Troms får alle kommunane null poeng.

Vil ha Listhaug på banen

Forbrukarrådet forventar at alle kommunane gjennomfører brukarundersøkingar, og at det blir stilt kvalitetskrav. Dessverre er lite skjedd dei siste åra.

Forbrukarrådet ber no eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug følgje opp tidlegare lovnader frå regjeringa om å ta tak viss kommunane ikkje skjerpar seg.

– Vi har gjentekne gonger sett at berre eit fåtall kommunar gjennomfører slike undersøkingar. Det må opplagt bli stilt strengare krav for å sikre at brukarane blir tatt med på råd, seier Anne Kristin Vie.

Store kommunar best ut

Dei meste folkerike kommunane kjem gjennomgåande best ut i undersøkinga. Samtidig finst det unntak. Rømskog kommune med sine beskjedne 671 innbyggjarar gjer det svært godt, medan Tromsø og Sandnes kjem ut med null poeng.

– Sjølv om dei store kommunane ofte har meir ressursar og erfaring med brukarundersøkingar, viser undersøkinga at det framom alt er viljen det står på, seier Anne Kristin Vie.

– Våre klare oppmodingar er å setje brukarane i sentrum. Høyr med barna og foreldra om korleis dei opplever barnehagen og SFO. Snakk med pårørande og dei som bur på sjukeheim eller får heimehjelp. Ingen veit betre korleis dei har det enn brukarane sjølv.

Sjekk av brukarundersøkingar på kommunane sine nettsider 2019