Økonomi

Ny fripolisekalkulator på Finansportalen: Sjekk verdien av garantien

5. september, 2019

Er du ein av ca. 700 000 nordmenn som har pensjon i fripoliser frå tidlegare arbeidsforhold? Då kan du ha nytte av den nye fripolisekalkulatoren som no er tilgjengeleg på Finansportalen.no.

Ein fripolise er pensjon frå ein tidlegare arbeidsgivar som hadde ytingspensjon. Alle fripoliser er i utgangspunktet fripoliser med garanti. Garantien sikrar deg ein årleg alderspensjon, basert på ei garantert rente. Rentegarantien ligg typisk i området mellom to og fire prosent.  Det betyr at din pensjonsbeholdning årleg blir tilført minimum den garanterte renta.

Storebrand og DNB tilbyr kundane sine å byte til fripolise med investeringsval. Byter du, vil du i så fall kunne velje fond og spareprofilar fritt, men samtidig gir du frå deg rentegarantien som ligg i fripolisen din i dag. Valet står mellom å behalde fripolisen med garantert avkastning, eller å byte denne bort til fordel for ein fripolise med investeringsval.

– Viss du byter, gir du altså frå deg rentegarantien som ligg i fripolisen per i dag. Derfor er det viktig for deg å ha ein idé om kva rentegarantien i fripolisen er verd, seier fagansvarleg for Finansportalen, Elisabeth Realfsen.

– Du får eit betre avgjerdsgrunnlag for å ta eit opplyst val. Fordi verdien av garantien går tapt ved å byte til fripolise med investeringsval, kan du sjå på denne verdien som din oppstartskostnad for å kome i gang, fortel Realfsen.

Du kan få eit anslag på verdien av garantien i fripolisen din på www.finansportalen.no. Har du låg garantirente og lenge igjen til pensjonsalder, vil verdien av garantien sannsynlegvis vere låg, og kostnaden din ved å byte nokså liten.

Garantert rente
i fripolisen
Årleg garantert pensjon
(fra 67 år)
Verdien av garantien
2,0 % 8 400 0
2,5 % 9 700 4 600
3,0 % 11 100 17 000
3,5 % 12 600 30 300
4,0 % 14 400 44 600

Eksemplet gjeld for mann 50 år med 100 000,- i pensjonskapital. Berekningsgrunnlag for verdien av garantien finn du her.

Fripolise med investeringsval gir ingen garanti

Fordelen med å byte til fripolise med investeringsval er at du kan velje ein høgare aksjedel for pensjonskapitalen din. Dette vil under normale omstende gje deg ein høgare pensjonsutbetaling, viss tidshorisonten er lang, men det er ingen garantiar knytte til avkastninga i ein fripolise med investeringsval.

– Selskapa som tilbyr byte til fripolise med investeringsval, kan gje deg gode prognosar for korleis pensjonsutbetalingane kan bli ved eit byte til investeringsval, men har til no ikkje kunna gje noko anslag på kva det faktisk kostar deg å byte. Det kan den nye kalkulatoren hjelpe deg med. Vi håpar og trur han òg vil vere nyttig for rådgivarane til selskapa, og uavhengige rådgivarar, som rettleier kundane sine i valet om å byte til investeringsval eller ei, avsluttar Realfsen.

Livselskapa har med dagens regelverk ikkje lov til å betale deg ein kompensasjon for at du seier frå deg rentegarantien din. Finanstilsynet foreslår no at det blir innført nye reglar som kan tillate dette i 2021. Viss rentegarantien din har ein betydeleg verdi kan det derfor vere fornuftig å vente sjølv om du ønskjer å byte til investeringsval.

Fripolisekalkulatoren er utvikla med støtte frå Finansmarkedsfondet.

Sjekk verdien av garantien her.

nærbilde av kommunikasjonsrådgiver Maren Struksnæs.Foto

Maren Van Buren Struksnæs

Kommunikasjonsrådgiver – forbrukerrettigheter og digitale spill

Abonner på vårt nyhetsvarsel