Forside > Siste Nytt > SAS og Norwegian laga mest koronatrøbbel for norske forbrukrarar
Kvar tiande telefon til Forbrukarrådet i 2020 handla om korona, og den største gruppa gjaldt problem med Norwegian og SAS.

Forbrukerrådet fikk totalt 51 866 spørsmål fra forbrukere i fjor. 5132 handlet om problemer på grunn av korona. Aller flest gjaldt billetter til reiser, kultur- og idrettsarrangement. Når bedriftene ikke hjelper dem, ringer kundene Forbrukerrådet.

Tryggingsnettet til forbrukarane rakna

Forbrukarrådet fekk dobbelt så mange spørsmål om flyselskap i 2020 som året før, og denne marknaden klatra difor opp til andreplassen på lista over kva norske forbrukarar hadde mest problem med. Av spørsmåla som hadde med korona å gjere, var det klart flest om SAS og Norwegian.

Inger Lise Blyverket er direktør i Forbrukarrådet, og ho er vonbroten over korleis forbrukarane blei behandla.

– Vi er skuffa over korleis styresmaktene sette forbrukarane på pinebenken. Når det gjeld måten selskapa behandla kundane sine på, så skjøner eg ikkje at dei torer. Klare rettar blei brotne, så 2020 går inn i historia som eit kriseår, òg sett med forbrukarauge, konstaterer ho.

Flyreisende. Kansellerte reiser. Foto

Regjeringa varsla nyleg tiltak for å betre tryggleiken for pakkereiseturistar. Blyverket anerkjenner dette, men presiserer at det må gjerast meir for å sikre at forbrukarane får det dei har krav på. Ho fortel at folk opplevde å få avlyst både påske- og sommarferien. Somme hadde betalt mange titals tusen som fly- og reiseselskap ikkje betalte attende då dei skulle.

– Det var ein tøff økonomisk smell for dei fleste. For dei som miste inntekta på grunn av korona, var det krise. 2020 avslørte at tryggingsnettet til forbrukarane rakna då det røynde på. Desse røynslene gjer det naturleg å diskutere om det er trygt nok å betale for reiser på forskot, slik vi gjer i dag, seier forbrukardirektøren.

Norwegian ligg altså øvst på ti-på-topp-lista over selskapa forbrukarane hadde flest koronaspørsmål om, med SAS på ein «sterk» andreplass. Resten av lista er full av reiseselskap, men på sjuandeplassen finn vi SATS. Treningssenterkjeda fekk kritikk for at dei automatisk sette kundane over på digitalt abonnement då dei måtte stengje dørene av smittevernomsyn. Etter dialog med Forbrukartilsynet har kundane seinare fått tilbod om å få att pengane.

Elles er Elkjøp med på lista på ein niandeplass. Desse spørsmåla handla om at kjeda fjerna moglegheita for ope kjøp, altså at kundar kan levere attende ubrukte varer utan å oppgje nokon grunn og få pengane attende.

Forbrukerrådets koronatopp
# Topp 10 (firmaer) Antall * Andel **
1 Norwegian Air Shuttle ASA 620 15%
2 SAS 516 12%
3 Ticket Feriereiser AS 147 3%
4 KLM 139 3%
5 Travellink NUF 114 3%
6 Ving Norge AS 111 3%
7 SATS AS 94 2%
8 Hurtigruten AS 85 2%
9 Elkjøp Norge AS 68 2%
10 TUI Norge AS 69 2%

Bruktbil irriterte mest

Bruktbil har trona på den tvilsame toppen heilt sidan Forbrukarrådet byrja å måle kva folk har mest problem med. Med 5415 spørsmål frå forbrukarane heldt bruktbil på topp-plasseringa sjølv i koronaåret. Handverkartenester har òg klippekort på pallen, og Blyverket har eitt svar på korleis ein kan unngå usemje med både handverkarar og bilseljarar:

– Skriv kontrakt! Om du gjer gode undersøkingar på førehand og så skriv ein tydeleg avtale, aukar du sjansen for å bli nøgd. Du kan bruke kontraktane på forbrukerrådet.no heilt gratis.

Husleige er òg eit tema som går att på forbrukartelefonen. Forbrukardirektøren opplyser at ein god kontrakt òg er viktig når du skal leige deg ein stad å bu, men at dette er ein marknad Forbrukarrådet jobbar for å gjere meir forbrukarvenleg.

– Folk treng tryggleiken som ligg i å ha ein heim, og at den skal halde fram med å vere heime òg på sikt. Heimen er fristaden vår, og han er òg avgjerande for barnehage, skule og nettverk. Mange som leiger bustad i dag, har ikkje den tryggleiken. Avtalane varer for kort tid, og det er for lett for utleigaren å seie opp avtalen. Difor vil vi at husleigelova skal sikre leigetakarane tryggare heimar, avsluttar Inger Lise Blyverket hjå Forbrukarrådet.

Forbrukerrådets topp 50
# Varer og tjenester 2020 2019
1 Bruktbil 5415 6185
2 Flyselskap 3029 1523
3 Håndverkertjeneste 2620 3627
4 Husleie 2425 2972
5 Innredning og møbler 1937 1996
6 Byggevarer 1427 1075
7 Bobil, MC ol 1361 1786
8 Klær og skotøy 1241 1336
9 Hvitevarer og oppvarming 1167 1366
10 Datamaskiner og smarte produkter 1148 1239
11 Pakkreiser 1014 272
12 Mobil 921 1239
13 Elektriske fritidsprodukter 845 909
14 Nybil 807 984
15 Strøm og nettleie 777 1092
16 Sport og hobby 760 334
17 Internettabonnement 726 847
18 Sportsutstyr og musikkinstrumenter 724 872
19 Småelektrisk 650 293
20 Kultur og underholdning 639 314
21 Næringsmidler (matvarer) 631 668
22 Hoteller og annen ferieinnkvartering 620 205
23 Reisebyråtjenester 594 160
24 Kjøp av brukt bolig 591 527
25 Kjøp av ny bolig 561 729
26 Reservedeler og tilbehør for kjøretøy 517 650
27 Verksteds- og bilpleietjenester 437 902
28 Mobiltelefonabonnement 430 553
29 Tilbehør til hjemmet 412 30
30 TV-tjenester 410 352
31 Dyr og tilbehør 393 522
32 Annet (omfatter varer og tjenester) 377
33 Helsetjenester 376 419
34 Bompenger og parkering 324 565
35 Inkasso 317 338
36 Båter og vannscoter 311
37 Betalingstjenester og betalingsmidler 310 350
38 Kjøretøy (skade og ansvar) 305 183
39 Smykker, klokker og sølvtøy 295 348
40 Post- og budtjenester 262 196
41 Reiseforsikring 254 101
42 Kosmetikk og toalettartikler 247 185
43 Leie av bil 229 339
44 Andre kurs (dansekurs, kokkekurs ol) 219 221
45 Personlig pleie 216 204
46 Innbo- og husforsikring 214 228
47 Lesestoff 213 248
48 Andre fritidstjenester 196 368
49 Skoler 177 113
50 Fysiske hjelpemidler (briller, høreapparater og annet medisinsk utstyr) 155 164

Presse

Pressefoto av Inger Lise Blyverket

Forbrukerspørretime

Vil ditt medie la lesere/lyttere/seere stille forbrukerspørsmål? Vi kan stille med ekspert – ta kontakt på a@forbrukerradet.no  

Abonner på vårt nyhetsvarsel

Relaterte saker