Forside > Siste Nytt > Smarte kjøperåd for Black Friday-handelen

Smarte kjøperåd for Black Friday-handelen

27. november, 2019
Fredag 29. november er det Black Friday. Vi har innspurtsråda før salssesongen er over.

Mennesker på shoppingsenter.Foto

  • Finn du eit godt tilbod, må du sjekke om du finn same vare til ein betre pris ein annan stad. Tipset vårt er å bruke prissamanlikningstenester som prisguiden.no og prisjakta.no.
  • Ikkje kjøp på avbetaling. Du mistar tilbodet i rentekostnadene.
  • Er det ikkje viktig med siste modell, kan du få eit endå betre tilbod i bruktmarknaden. Du finn Black Friday-tilbod der også, med bruktrabatt.
  • Brukar du betalingskort med MasterCard og VISA, er du sikra mot svindel.
  • Spar på kvitteringane. Sjølv om du kjøper på sal, har du framleis dei same gode rettane til å klage.

Unngå at tilbodet forsvinn i renter

Ofte er tilbodet så forlokkande at du handlar på krita.

– Det er ikkje lurt å kjøpe på avbetaling. Renta, som gjerne er på over tjue prosent, et raskt opp det du har spart, og gjer produktet dyrare enn viss du hadde kjøpt det til full pris. Vent heller til du har pengane, seier Inger Lise Blyverket.

Dei nye gjeldsregistera registrerer òg kjøp på avbetaling hos butikkane, så ver klar over at det du skylder då dukkar opp i den samla gjeldsoversikta di når du til dømes skal kjøpe bustad.

Unngå svindel med betalingskort

Det finst nettsider med gode tilbod som eksisterer berre for å få pengar og informasjon om deg, for så å bli borte.

– Seriøse nettsider har god kontaktinformasjon som telefonassistanse og firmaadresse. Finn du berre ein e-post eller kontaktskjema, så styr unna, seier Inger Lise Blyverket.

Slik handlar du på nettet.

– Bruk betalingskort med Visa og MasterCard. Då kan du klage til banken, viss du blir svindla, legg ho til.

Slik klagar du til banken ved svindel.

Brukt er billegare enn nytt

Ser du etter ein ny sofa, eller sportsutstyr til ein unge i full vekst, så finn du dei beste tilboda på marknadsplassane på nettet. Å kjøpe brukt løner seg. Det er ein auke i bruktsal for klede på 23 prosent, og bruktmarknaden bognar av gode tilbod.

– I dag har folk skap og kjellarar fulle av ting som berre ikkje passar lenger, eller av ein eller annan grunn har vorte bytt ut. Det er eit godt utgangspunkt for å gjere eit kupp. Sjekk kva som blir tilboden på finn.no eller brukt-apper som Tise, foreslår Blyverket.

– Kjøper du verdifulle gjenstandar som merkeklede eller mobiltelefon, så spør etter kvittering eller garanti. Då er du trygg på at det er ekte, tipsar Blyverket.

Same rettar med sal

Sjølv om vara er nedsett, så har du dei same rettane som når du kjøper til full pris.

– Vi veit at folk blir fortalde at dei ikkje får klage på feil når dei har kjøpt noko på sal. Det er ikkje riktig. Du har rett til å klaga i inntil fem år, avhengig av kor lenge tilbodsvara er meint å vare, seier Blyverket.

Hugs å spare på kvitteringa. Får du problem, kan Forbrukarrådet hjelpe. På den andre sida kan butikken nekte deg bytelapp:

– Skal du handle til jul, er det derfor viktig at du sikrar deg bytelapp, så slepp du òg den unødvendige krangelen med butikken, legg ho til.

Kjøpar du varer og tenester på nettet, kan du alltid angre deg, uansett kor godt tilbodet er. Du har fjorten dagar på deg etter at du har fått vara, eller etter at du har fått all informasjon om tenesta. Har du ikkje fått opplysning om angreretten, kan du ha angrerett i inntil eitt år.

Slik kan du angre på eit kjøp.