Netthandel


Sjekk kva du bør undersøkje før du handlar på nett, og
korleis du går fram dersom du ønskjer å klage på kjøpet.

Sjekk om du finn kontaktinformasjon

Check
Nei

Ein ærleg seljar vil gjerne bli funnen av kundane, og er derfor raus med kontaktinformasjonen sin. Så når du skal vurdere ein nettbutikk, kan du begynne med å sjå etter namn, post- og e-postadresse, telefon- og organisasjonsnummer.

Sjekk firmaet sitt rykte

Check
Nei

Bruk søkjemotorar på nett for å finne ut om firmaet er til å stole på. Søk på firmanamnet pluss slikt som fraud, complaint, review og liknande. Ligg nettbutikken i USA, kan du sjekke den på Better Business Bureau.

Sjekk vilkåra

Check
Nei

Seljarar kan setje veldig ulike vilkår for kva som skjer ved for eksempel forseinking, avbestilling eller retur. Dette er avtalen din med seljar, så ver sikkert på at du vil akseptere han. Dette gjeld særleg utanfor EU/EØS-området, der rettane varierer stort.

Sjekk totalsummen

Check
Nei

Før du handlar på nettbutikken, bør du samanlikne prisane med andre butikkar. Hugs å leggje frakt, gebyr og avgifter på prisen for å vite kva vara vil koste deg totalt. Skal du importere noko, kan du sjekke importkalkulatoren til Tollvesenet. Ekte vare: Det florerer av piratkopiar innan ei rekkje varegrupper, og det er vanskeleg å vurdere om du har med ekte vare å gjere på nett. Ver klar over at Tollvesenet kan beslagleggje piratprodukt dersom dei mistenkjer at du vil selje dei vidare.

Vel sikker betaling

Check
Nei

Tenk deg om to gonger før du betaler for ei vare eller teneste på forskot. Bruk heller kredittkort og betalingsløysingar som Paypal.

Ved bruk av bankkort blir kontoen din belasta for kjøp av varer eller tenester ved netthandel, bestilling av reiser, hotell og liknande. Gjennom transaksjonen blir beløpet belasta kontoen din, det vil seie at du forskotsbetaler, eller beløpet blir «reservert» på kontoen din.

Ved bruk av kredittkort til betaling for varer og tenester, blir beløpet belasta kredittkortet gjennom at beløpet blir «reservert». Når kjøpet forfell til betaling, blir det belasta kredittkortfakturaen som du normalt får tilsendt månadleg.

OBS! Ved bruk av kredittkort har du lovfesta rett på pengane tilbake om du ikkje får det du har bestilt, uavhengig av i kva land seljar oppheld seg. Einskilde gonger kan seljar ha avtale med ein annan aktør, som igjen har avtale med kortselskapet, og då gjeld ikkje denne retten. Også bruk av debetkort gir deg gode moglegheiter for å få pengane tilbake. I begge tilfelle må du fyrst klage til seljar. Får du ikkje gjennomslag hos seljar, kan du rette kravet til banken din, og be dei dekke tapet ditt.

Nettvit!

Svar
Nei

Sidan du veit lite om seljaren, kan det vere greitt at han veit lite om deg også. Det reduserer faren for å bli utsett for svindel eller misbruk av opplysingar. Ikkje gje informasjon om deg sjølv før du faktisk skal handle, og då berre det som er strengt nødvendig. Ver skeptisk til å avsløre personlege opplysingar, som personnummer. Nettbutikken bør ha ein policy for personvern på sida si. Den bør seie kva opplysingane skal brukast til, fortelje om selskapet sin datatryggleik og kor du kan vende deg med spørsmål.

Korleis går eg fram for å klage?

Svar
Nei

1. Klag til seljar

Dersom du er misnøgd med ei vare eller at vara ikkje kjem, må du fyrst ta kontakt med seljar. Bruk gjerne eit av Forbrukarrådets ferdige klagebrev.

Klagebrev til seljar

 

2. Ta saka til Forbrukarrådet

Dersom du har handla av ein norsk nettbutikk og ikkje kjem nokon veg med seljar, kan du ta saka inn for Forbrukarrådet.

Ta saka til Forbrukerrådet for mekling

 

Dersom du har handla i utlandet

  • EU – Har du handla i nettbutikk i EU/EØS, må du kontakte Forbruker Europa
  • USA – Har du handla i nettbutikk i USA kan du gå via Better Business Bureau.
  • I land utover desse må du undersøkje moglegheitene, men det er fare for at pengane er tapte.

Hugs at du kan krevje pengane tilbake av banken, dersom du har betalt seljaren direkte med kredittkort.