Strøm

Straumselskap ryddar – no må du passa på

7. november, 2022

Forbrukarrådet ber forbrukarane passa på, slik at straumselskapa ikkje bruker nye reglar som unnskyldning for å auka prisen.

Straumsalselskapa Noregsenergi og Kraftriket har dei siste dagane sendt ut beskjed til kundane sine om at dei reduserer talet på avtalar. Forbrukarrådet applauderer oppryddinga, men ber kundane vera merksame på at selskapa nyttar høvet til å ta seg betre betalt

-Me har vorte kontakta av forbrukarar som opplever at dei må betala meir for straumen, med grunngiving i selskapet ryddar i avtalane som følgje av nye reglar, seier seniorrådgivar Thomas Iversen.

– Me er redd for at mange blir freista til å tru at det er snakk om mindre endringar for å overhalda krava den nye prisopplysningslova, medan dei i realiteten må betala meir for straumen.

Thomas Iversen.Foto
Foto: Forbrukarrådet

Dei nye reglane for marknadsføring av straumavtalar vart innførte 1. november i år. Prisopplysningslova set no mellom anna krav til at selskapa skal opplysa om alle avtalane dei har kundar på – også om dei ikkje lenger blir tilbodne.

Selskapa held tilbake informasjon

I døme Forbrukarrådet har fått tilsendt blir det understreka at priselementa i avtalen er dei dei same som før, noko som berre betyr at straumavtalen framleis har linjer for straumprisen, fastledd og påslag, men ikkje noko om prisendringar. I informasjonen kjem det heller ikkje fram kva dei gamle avtalane kosta. Det er berre prisen på dei nye avtalane som er spesifiserte, som tilslører selskapa tek seg endå betre betalt.

– Du står sjølvsagt fritt til å takka nei til den nye avtalen. Dette kan også vera eit fint høve å sjå om det er mogleg å kutta straumrekninga og om ein betaler for unødvendige tilleggstenester, seier Thomas Iversen.

– Sjekk den nye avtalen på strømpris.no. Sjansen for at du finn ein billigare avtale med lang varigheit er stor. Sjølve byttet er gjort på få minutt.

Bilde av ansatt: Øyvind Herseth Kaldestad.Foto

Øyvind H. Kaldestad

Kommunikasjonsrådgiver – digitale rettigheter og strøm

Abonner på vårt nyhetsvarsel

Relaterte saker