Bærekraft

Test av kombinerte vaske- og tørkemaskiner

24. februar, 2023

Det er jamt over middels nivå på alle produkta, men dei tre beste maskinene gjer ein god vaskejobb og er relativt stillegåande. Det er likevel ingen grunn til å rydde bort strykebrettet heilt enno.

illustrasjonsbilde av en som putter klær inn i en vaskemaskin.foto
Foto: Adobe Stock/Goffkein

Les heile testen her.

Forbrukarrådet har testa 17 kombinerte vaskemaskiner og tørketromlar. Testane er gjennomførte i 2021 og 2022, og prisane er oppdaterte i slutten av januar 2023. 

Middels nivå over heile linja – men sjekk prisen!

Det er eit middels nivå blant produkta vi har testa, men prisane varierer mykje mellom dei ulike modellane. Heile sju maskiner får 6 poeng, men vi vil trekkje fram Electrolux EW7W5468E6, Beko BDFT710442WB og Beko BDFT710442MB.

Produktfoto av tre beste vaskemaskiner i Forbrukerrådets test av vask- og tørkemaskinkombo.foto
Foto: Forbrukerrådet

Electrolux-maskina vaskar best av alle i testen, har relativ låg pris og skårar godt på energi- og vassforbruk. Beko-maskinene skårar noko lågare på sjølve vaskinga og er noko dyrare, men er raskare og bråkar mindre. 

Desse tre produkta kostar frå 8.995 – 10.495 kroner, medan andre modellar som kjem dårlegare ut i testen vår selges til over 26.000 kroner. Prisforskjellane er med andre ord mildt sagt kraftige.

Testens billigaste gir mykje for pengane

Dersom du ønskjer å bruke minst mogleg pengar på ei ny maskin, kan vi tilrå Whirlpool sin modell FWDG 961483 WSV EE N. Den skårar godt på vask og greitt på tørk, og blir selt for omtrent 5600 kroner. Maskina får rett nok noko trekk for tidsbruk og håndterbarhet, men her får du mykje for pengane.

Fleire produsentar sel liknande maskiner med litt ulikt design og ulike namn. Dette kan du lese meir om på kvart enkelt produkt i sjølve testen.

Ikkje rydd bort strykebrettet

Gorenje WD95145 og Hisense WDQY1014EVJM hamnar nedst på rangeringa.

Felles for dei begge er at dei gjer ein dårleg tørkejobb, ved at kleda ikkje blir tørre nok, og dei bruker meir tid og energi på jobben enn dei andre maskinene. Gorenjes vaskejobb er heller ikkje mykje å skryte av. 

Prisen på Hisense-maskina har variert med fleire tusen kroner på få månader, så her tilrår vi at du sjekkar prisen før du eventuelt går til innkjøp.

Produktfoto av de to dårligste vaskemaskiner i Forbrukerrådets test av vask- og tørkemaskinkombo.foto
Foto: Forbrukerrådet

Alle maskinene vi har testa får dårlegaste skår på skrukking, når vi testa kor skrukkete skjorter vart av å bli tørka i syntetisk-programmet.

Lågt energiforbruk, men dobbelt så dyr som testvinnar

For deg som er oppteken av berekraft vil vi framheve Electrolux EW9W8862E9, som oppnår den beste skåren i testen på vassforbruk og i tillegg skårar godt på energiforbruk. Modellen blir likevel rangert lågare totalt fordi han er over dobbelt så dyr som tidlegare nemnde Electrolux EW7W5468E6.

Ingen toppskår

Ingen produkt får toppskår. Ei kombinert maskin vil sjeldan bli like god til kvar av oppgåvene, som ei spesialisert vaskemaskin eller tørketrommel. 

Forutan at det er betre for miljøet om du kan kjøpe ei kombinert maskin i staden for både vaskemaskin og tørketrommel, er det er også andre fordelar med ein kombo, seier Gunstein Instefjord, leiar for forbrukarpolitikk i Forbrukarrådet.

Gunstein Instefjord.Foto
Gunstein Instefjord i Forbrukarrådet. Foto: John Trygve Tollefsen

— Kombinerte vaskemaskiner og tørketromlar er plasseffektive, og kan vere ein stor fordel dersom du har liten plass i bustaden din. Det er også ein stor fordel at maskina gjer heile jobben frå vasking til tørking. Då slepp du å laste frå ei maskin til ein annan, seier Instefjord.

  

Andreas Framnes.Foto

Andreas Framnes

Kommunikasjonsrådgiver – bærekraft

Fakta om testen

Vi har testa maskinene for kor godt dei vaskar og tørkar tøyet, håndterbarhet, lydnivå, tida dei bruker på jobben, energiforbruk og vassforbruk.

I tørkeskåren er det mellom anna vurdert kor skrukkete plagga blir av tørkinga, og her får alle maskinene vi har testa dårleg skår.

Vi ser også at enkelte modellar varierer mykje i pris over tid, og vi tilrår deg å følgje nøye med før du gjer eit kjøp.

Abonner på vårt nyhetsvarsel

Relaterte saker