Forbrukarrådet: Beredskapen går for treigt
30. mars, 2026
Forbrukarrådet meiner arbeidet med å sikre beredskap for vanlege folk tek for lang tid. No ber dei Regjeringa om å leggje fram konkrete planar for korleis befolkninga skal sikrast tilgang til mat, medisinar og betalingsløysingar i krise.
– Vi snakkar mykje om kriser, men for lite om korleis folk faktisk skal klare seg når det gjeld, seier Mette Fossum, direktør i Forbrukarrådet.
Ho meiner beredskapsansvaret i for stor grad blir skove over på kvar enkelt forbrukar:
– Beredskap er i ferd med å bli noko du må ordne sjølv. Det held ikkje, seier ho.

Forbrukarrådet har difor sendt brev til Statsministeren sitt kontor, der vi uttrykkjer bekymring mellom anna for tilgang forbrukarane har til mat og legemiddel i krise.
Forbrukarrådet peikar på at dagens system er sårbart – og at beredskapen allereie er svekt på fleire område.
– Under koronapandemien tok det berre timar før varer som morsmjølkerstatning og toalettpapir forsvann frå butikkane. I ei ny krise kan langt fleire og meir kritiske matvarer bli utilgjengelege like raskt, seier Fossum.
Uvisse rundt tilgang til nødvendige varer bekymrar forbrukardirektøren:
– Vi må ha klare reglar for å rasjonere viktige varer, slik at forbrukarar får rask tilgang til dei ved behov. Viss folk ikkje veit at dei får tak i mat og medisinar, skaper det uro. Hamstring og «alle for seg sjølv»-mentalitet er det siste vi treng.

Vil ha beredskapsbutikkar
Stortinget bad i 2025 regjeringa om å greie ut ei etablering av såkalla beredskapsbutikkar – butikkar som skal kunne fungere sjølv om straumforsyninga er nede. Desse butikkane vil også fungere som beredskapslager rundt om i heile landet.
Forbrukarrådet meiner styresmaktene no aktivt må prioritere vedtaket frå fleirtalet på Stortinget.
– Vi meiner styresmaktene må sjå på moglegheitene for å etablere både beredskapsbutikkar og desentraliserte lager for mat og medisinar på stader folk kjenner til og kan bruke når det gjeld. Beredskap må vere ein del av kvardagen, seier Fossum, og legg til:
– Beredskap kan ikkje privatiserast. Det er eit samfunnsansvar å sikre at folk får tilgang til det mest grunnleggjande.
Ho viser til Finland, der daglegvarer, lager og distribusjon er ein del av ein samla beredskap:
– Finland har lagt planar for etablering av 300 slike beredskapsbutikkar, og har i større grad klart å kople beredskap til korleis folk faktisk lev. Der blir vanlege butikkar brukte som ein del av beredskapen, og det blir stilt krav til daglegvareaktørane om at systema fungerer, også i ein krisesituasjon.
Kontantar, fisk og landbruket ein del av løysinga
Forbrukarrådet foreslår at fiskeri- og havbruk blir inkludert i beredskapen, og å styrkje lagring av mat i landbruket.
– Fisk frå fiskeri og havbruk som i dag blir eksportert må inngå i matberedskapen vår, i tillegg til landbruket. Vi bør kunne leggje til rette for at bønder får høve til å lagre korn, poteter og grønsaker i større omfang. Det vil styrke både sjølvforsyning og tilgang til mat i krise, og gjere oss betre rusta som samfunn, seier Fossum.
Tilgang til livsviktige varer under kriser er avgjerande. Å kunne betale for dei er like viktig. Fossum åtvarar derfor mot å avvikle kontantar som betalingsmiddel.

– Noreg er eit av dei mest digitaliserte landa i verda, der så å seie alt er basert på teknologi. Allereie i dag er det mange stader vanskeleg å betale med kontantar, og vi har i praksis bygd ned vår eigen beredskap. Kva gjer vi viss systema ikkje verkar i ei langvarig krise, spør Fossum, og understrekar:
– Kontantar er ikkje gammaldagse. Det er beredskap. Viss folk verken får tak i, eller høve til å betale for det dei treng, då stansar samfunnet, seier ho.
Andreas Framnes
Kommunikasjonsrådgiver – mat og helse, digital