Dei fleste butikkar lèt deg få byte det du har kjøpt så sant det er ubrukt og utan skade. Dette er ingen lovbestemt rett, men er så vanleg at du kan rekne med å få byte. Ta vare på kvitteringa eller bytelappen, og hold fristen som står på den. Det er opp til butikken å setje vilkåra. Det kan vere at du ikkje kan byte i samanheng med sal. Hygieniske artiklar er som regel unnateke.
Du kan ikkje krevje å få pengane tilbake, men oftast kan du få ein tilgodelapp du kan handle for ein annan gong. Den kan du bruke i tre år, dersom det ikkje står noko anna.
Dersom du har handla på ein annan måte enn å gå i butikken, kan du ha moglegheit til å returnere det du har kjøpt med lova i hand (sjå meir nedanfor).
Dersom du meiner det er ein feil ved det du har kjøpt, kan du klage, utan omsyn til om det du har kjøpt er omfatta av angrerett eller bytegaranti.
Les meir om kva du kan krevje og korleis du går fram for å klage
Du har angrerett når:
Angreretten gjeld i EØS-landa.
Du finn angrerettlova på lovdata.no.
Du treng ikkje å oppgje nokon som helst grunn for å bruke angreretten, men du må halde fristen.
Du kan opne emballasjen og undersøkje vara. Dersom du gjer for omfattande undersøkingar, eller vara blir skadd, kan du risikere at du ikkje får tilbake heile beløpet.
eller
Men: I desse tilfella må seljaren ha informert deg på førehand om at du ikkje får angrerett.
Det er lurt å skrive ein e-post til seljaren om at du vil angre, og legg gjerne ved skjemaet han skal ha sendt deg. Du har to veker på deg til å melde frå, og nedteljinga begynner når du har fått vara og all informasjon, eller dagen etter at du avtalte å kjøpe ei teneste. Dersom du då ikkje har motteke eit ferdig utfylt angrerettskjema, blir fristen utvida til inntil tolv månader. Har du kjøpt livsforsikring eller ein individuell pensjonsavtale, er fristen 30 dagar.
Send eller lever vara til seljaren innan 14 dagar etter at du melde frå at du angra deg.
OBS! Du er ansvarleg for trygg retur. Pakk vara godt, og ta vare på kvittering for frakt.
Seljaren kan ikkje ta noko gebyr for at du angrar. Du har krav på å få tilbake alle kronene du har betalt, men det er du som må betale returen så sant du fekk melding om det på førehand, eller de ikkje har avtalt noko anna. Dersom det er ei vare som ikkje kan sendast i posten, skal du heller ikkje betale dersom du har fått den levert heime hos deg, der du også har gjort avtalen.
De kan avtale at seljaren begynner å levere ei teneste, for eksempel eit mobilabonnement, før angrefristen har gått ut. Dersom du heilt klart har bede om det, kan seljaren krevje betalt for det du har rokke å ta imot, dersom du angrar.
OBS! Dersom du har handla på avbetaling, bør du melde frå til finansinstitusjonen om at du har angra deg.
Rettleiaren (revidert 2016) er hovudsakleg retta mot næringsdrivande, men kan også vere nyttig for andre interesserte.