Forside > Økonomi og betaling > Forsikring > Misnøgd med forsikringa?

Misnøgd med forsikringa?


Er du misnøgd med forsikringsoppgjeret, eller blir du nekta forsikring? Her finn du ut korleis du kan klage.

Kan forsikringsselskapa nekte meg forsikring?

Spørsmål
Nei

Forsikring er i stor grad eit naudsynt gode som flest mogleg bør få tilgang til. Terskelen for å nekte deg naudsynte forsikringar som villaforsikring, bilforsikring og uføreforsikring, er derfor lagt høgt, og selskapet må alltid ha sakleg grunn for å nekte deg.

Det er ulovleg for selskapa å bruke betalingsmerknader for å nekte deg forsikring eller be om helseopplysingar som ligg meir enn 10 år tilbake i tid.

Selskapa kan krevje forsikringa betalt på førehand eller setje høgare pris for forsikringa. Om det blir tilbode forsikring til særleg høg premie, må selskapet grunngi dette. Forsikringsnekting skal alltid grunngivast skriftleg.

Viss selskapet nektar deg forsikring, og du meiner grunnlaget er usakleg, kan du klage saka inn for Finansklagenemnda. Du kan òg kontakte nemnda på førehand, viss du har spørsmål knytt til klaga.

 

Korleis går eg fram for å klage på forsikringa?

Spørsmål
Nei

1. Klag til selskapet

Viss du er usamd i forsikringsoppgjeret eller andre forhold knytt til forsikringa, må du fyrst ta dette opp med selskapet. Nytt gjerne Forbrukarrådets standard klagebrev.

Klagebrev til seljar

 

2. Klag til Finansklagenemnda

Viss du og forsikringsselskapet ikkje blir samde, kan du klage saka vidare til Finansklagenemnda.

Finansklagenemnda behandlar mellom anna tvistar knytt til skade- og innbuforsikring. Utsegnene til nemnda er rådgivande, men blir  følgde i all hovudsak av selskapa. Dersom selskapet ikkje vil følgje fråsegnene frå nemnda, skal selskapet dekkje sakskostnadene dine i ei eventuell rettssak.