Sjekkliste før du vel forsikring

Sjekk om du treng forsikringa, og korleis du går fram for å få dei beste tilboda.

Sjekk alltid vilkåra

Når du vurderer forsikringstilbod, er det alltid lurt å setje seg inn i vilkåra, og sjå kva som skal til for at forsikringa blir utløyst.

Sjekk om du treng forsikringa

Tommelfingerregelen er grei: Du bør forsikre deg mot dei store katastrofane. Viss huset brenn ned, har du ikkje råd til å byggje det opp sjølv. Hamnar du på sjukehus på reise i framande land, kan behandlinga og heimreisa bety økonomisk ruin. Du bør likevel ikkje forsikre deg mot alle moglege småskadar eller uhell. For å dekkje dei små uhella i livet er det betre at du set av ein liten buffer på ein bankkonto enn å teikne dyre forsikringar.

Sjekk om du allereie er dekt av ei forsikring

Mange forhandlarar tilbyr kundane å teikne eigne forsikringar når dei kjøper ei vare, slik som PC eller kjøleskap. Styr unna desse. Denne typen forsikringar er relativt dyre, og dekninga er sjeldan så god som seljarane hevdar. Du har òg som regel mange av dei same rettane gjennom forbrukarkjøpslova og andre garantiar. Ver òg merksam på at vanlege forsikringar som innbuforsikring, villaforsikring og reiseforsikring, allereie dekkjer mange av dei same områda som tilleggsforsikringa.

Sjekk at du får den beste avtala

Her finn du meir informasjon og oversikt over dei beste forsikringstilboda: