Dersom årsaka til feilen er ein fabrikasjonsfeil, eller du ikkje har fått det du har betalt for, skal seljaren ordne opp. Alt skal vere som seljaren har sagt gjennom annonsering i butikken og andre stader, og du skal ha fått all viktig informasjon.
Dersom du kjende til feilen, eller den skriv seg frå noko du har gjort eller eit uhell, må du ta rekninga sjølv. Du kan eventuelt sjekke om du har ei forsikring du kan bruke.
Nokre ting er vanskeleg å unnvere. Du har krav på å få låne ei erstatning av butikken dersom det ikkje blir urimeleg dyrt for butikken, målt opp mot kva nytte du har av tingen. Tingen treng ikkje å vere lik din, men skal kunne brukast på omtrent same måte. Du kan be om det frå fyrste dag, og har krav på det dersom det er klart at reparasjonen tek meir enn ei veke.
Dersom du ikkje får låne for eksempel ei vaskemaskin, trass i at du har krav på det, kan du ha krav på å heve kjøpet. Det vil seie at du leverer inn det du har kjøpt, og får tilbake pengane.
Kvitevarer er som regel store og tunge, og det er derfor upraktisk å ta til dømes vaskemaskina med til butikken når du vil klage. Dei fleste butikkar tilbyr derfor å sende ut reparatørar, anten eigne eller leigde, heim til deg.
Dersom det ligg føre ein feil eller mangel, er det butikken som skal ta kostnaden med undersøkinga. Dei skal òg dekkje kostnadene med å frakte den mangelfulle vaskemaskina bort, eventuelt låneprodukt inn, samt den nye eller reparerte tilbake. Dersom det ikkje ligg føre ein mangel, kan butikken krevje kostnadene til undersøkinga dekte, dersom dei har gjort deg uttrykkjeleg merksam på det på førehand.
Du har berre angrerett når du handlar utanfor fast utsalsstad, slik som internett og dørsal. Når du handlar i ordinære butikkar, er du prisgitt butikken sine eigne bytereglar. OBS! Samtidig lèt mange butikkar deg få byte eller returnere vara innan ei viss tid, dersom du ikkje er fornøgd. Dette er ingen lovbestemt rett, men god service frå butikken.
Dersom du er misnøgd med kjøpet og ønskjer å klage, må du fyrst klage til seljar. Bruk gjerne Forbrukarrådets ferdige klagebrev.
Dersom seljaren avviser klaga di, og du er ueinig i avvisinga, eller du ikkje får svar innan svarfristen du har sett, kan du ta saka inn for Forbrukertilsynet.