Reisetips frå Forbrukarrådet

16. juli, 2025

Forbrukarrådets tips for bagasjekaos, forseinka fly og hetebølgjer.

Sommar betyr ferie, sol, reise og fritid som fort kan omsetjast til streik, hetebølgjer, bagasjekaos og forsinkninger. Det som skulle vere den mest avslappande tida på året kan fort bli stressande dersom du ikkje kjenner til rettane dine.
 
– Viss flyginga di blir forseinka eller innstilt har du klare og tydelege rettar. Rettane dine varierer etter kor lang forseinkinga er, og kva som er årsaka til at det har vorte eit avvik, seier forbrukarjurist Thomas Iversen. 

Han viser til Forbrukarrådets flyrettskalkulator der du kan rekne ut rettane dine sjølv. I tillegg bør du følgje godt med fram mot ferie, sidan det jamleg skjer justeringar av avgangstidene flyselskapa opererer med.

Du kan fort ha krav på ein ekstra kompensasjon på mellom 250 og 600 euro dersom flyet blir meir enn 4 timar forseinka. Bruk kalkulatoren for å sjekke, og hugs å krevje kompensasjonen frå flyselskapet dersom noko skjer. 

– Flyselskapet gir deg ikkje dei pengane tilbake automatisk – du må krevje dei. Så bruk denne sida for å finne lenkjene til skjema for forseinking eller kansellering – og send ei klage, oppmodar Iversen. 
 

Kva med bagasjen?

Om noko hender med bagasjen din, er seniorrådgivaren klar på kva du må gjere. 

– Viss bagasjen din blir borte eller skadd må du melde frå på flyplassen, seier Iversen. Eg opplever at folk som ventar med å melde frå slit med å bli trudd på at bagasjen faktisk vart skadd på flyginga. 

Når du fyller ut informasjon om den skadde eller tapte bagasjen for du ein såkalla «property irregularity report» (PIR) med eit unikt referansenummer. Denne må du ta godt vare på. Om du må kjøpe noko nytt medan du ventar på at bagasjen skal komme må du også spare på kvitteringane.
 
– Eit godt tips for å redusere ulempene ved forseinka bagasje er å pakke eit par skift i handbagasjen, då slepp du å bruke dei første dagane på å handle viss bagasjen berre blir litt forseinka, seier Iversen. 

Forbrukerjurist Thomas Iversen ved Støtvig.Foto
Foto: Forbrukerrådet

Ver og vind

Med aukande temperaturar og mykje hete i Sør-Europa, følgjer det av og til kaos for turistar. Iversen minner på at du har rettar – men at dersom det blir skogbrann eller kraftige hetebølgjer, er det andre ting enn turistars rettar som går føre. 

– Når naturkatastrofar og kraftige vêromslag skjer, blir det rekna som ekstraordinære omstende. Det vil seie at ein del av klagemoglegheitene dine fell bort. 

Har du kjøpt ei pakkereise til eit område ramma av hetebølgjer eller skogbrann – då
kan du vurdere å avbestille i siste liten heller enn å reise. Det er avgrensa
kva du kan klage på når du vel å reise til utsette stader, seier Iversen.  

Sjekkliste før ferien:

  • Følg med på informasjon frå flyselskap eller reiseoperatør 
  • Klag med ein gong om du oppdagar avvik 
  • Hugs reiseforsikring for alle i reisefølgjet
  • Ta med Europeisk helsetrygdekort 
  • Betal i lokal valuta 
Bilde av ansatt: Øyvind Herseth Kaldestad.Foto

Øyvind H. Kaldestad

Fung. kommunikasjonssjef – Strøm

Abonner på vårt nyhetsvarsel Sjekk Forbrukerrådets podcast

Relaterte saker