Digital

Rekordhøge straumprisar: Slik finn du den billegaste avtalen  

11. februar, 2021

Straumprisane er uvanleg høge på grunn av det kalde vêret. Mange kan uansett ha mykje å spare på å velje den rette avtalen.

Forbrukardirektør Inger Lise Blyverket tilrår alle å sjekke straumavtalen sin mot avtalane som kjem best ut på samanlikningstenesta strømpris.no.

– Vi veit at mange sit på avtalar som er unødvendig dyre, og dei kan spare mykje på å byte til eit anna straumsalselskap. Sjølve bytet er gjort på nokre få minutt og blir fiksa av selskapet, seier forbrukardirektør Inger Lise Blyverket.

– Vår klare tilråding er at du vel ein spotprisavtale med prisgaranti for minst 12 månader. Dersom du byter avtale på strømpris.no, kan du òg leggje inn eit varsel når garantitida er ute slik at du kan sjekke om selskapet set opp prisen.

Det kostar ikkje noko å byte straumavtale med mindre du bryt bindingstida i ein fastprisavtale. Forbrukarrådet vil heller ikkje tilrå fastprisavtalar på meir enn eit år.   

kraftlinje.foto

Foto: Colourbox

Sit truleg på dyrare avtalar enn naudsynt 

Undersøkingar som har blitt gjennomførte på oppdrag frå Forbrukarrådet, viser at dei fleste forbrukarar har eit passivt forhold til straumavtalen sin. Berre ein av to har bytt straumavtale dei siste to åra, og berre tre av ti kjenner prisen på straumavtalen sin

– Norske straumsalselskap gjer seg feite på kundar som sit på dyre og dårlege avtalar, godt hjelpte av uforståeleg straumprising, manglande varsling om prisaukar og aggressiv marknadsføring, seier Inger Lise Blyverket.

– Ikkje betal meir for straumen enn du må. Her er det truleg mykje å spare for svært mange straumkundar.

Forbrukarrådet frårår folk å kjøpe straum over telefonen, ved dørsal, på gata eller i elektronikkbutikkar. Dei dyre og dårlege avtalane blir dytta på kundane gjennom slikt direkte sal. Dersom du kjøper straum i ein butikk, misser du òg angreretten på 14 dagar.  

Bilde av ansatt: Øyvind Herseth Kaldestad.Foto

Øyvind H. Kaldestad

Kommunikasjonsrådgiver – digitale rettigheter og strøm

Abonner på vårt nyhetsvarsel