Siste nytt

Rimeleg reparasjon – for forbrukarar og miljøet!

6. oktober, 2021

Forbrukarrådet har klare forventingar til at den nye regjeringa vil kome med konkrete grep for å gjere reparasjonar billigare og enklare for forbrukarane.

For å få til ein sirkulær og miljøvenleg økonomi må det no løne seg å reparere framfor å kjøpe nytt. Forbrukarrådet si eiga undersøking frå juni i år viser at 86 prosent av norske forbrukarar ønskjer at det skal bli billigare å reparere ting. Mange blir av økonomiske årsaker nøydde å kjøpe nytt i staden for å reparere.

Annankvar nordmann meiner at moms på reparasjonar bør fjernast heilt for å gjere det mogleg å reparere ting i staden for å kaste dei. Ein av dei er direktøren i Forbrukerrådet, Inger Lise Blyverket.

Inger Lise Blyverket.Foto
Foto: John Trygve Tollefsen

Momsfritak viktig for berekraft

– Vi oppmodar no den nye regjeringa til å innføre momsfritak på reparasjonar. Det vil gjere at norske forbrukarar oftare kan ta vare på det vi har i staden for å kjøpe nytt. Dette vil vere eit viktig bidrag til eit meir berekraftig og miljøvenleg forbrukarsamfunn, seier Blyverket.

Forbrukarrådet blir med jamne mellomrom kontakta av fortvilte forbrukarar som gjerne vil reparere småelektroniske produkt som hovudtelefonar, øyrepluggar og mobiltelefonar, men som snur i butikkdøra når seljaren fortel kva reparasjonen vil koste.

– Det må løne seg å vere miljømedviten. Forbrukarane ønskjer å bidra til overgangen til eit meir berekraftig samfunn, men altfor ofte er vala anten dyre eller utilgjengelege, seier Blyverket.  Ofte blir ein tilboden ei ny vare i staden for å få reparert vara ein allereie har, og det hender òg at seljaren har problem med å skaffe reservedelar. I nokre tilfelle har det til og med vist seg å vere vanskeleg å få eit prisoverslag i det heile teke.

Småelektronikk og forskjellige ladekabler
Foto: Gøril Furu, Forbrukarrådet

– Ikkje tida for symbolpolitikk

Dei to regjeringspartia er no i forhandlingar, og partiprogrammet til det eine opnar for å redusere momsen på reparasjonar. Blyverket meiner at den nye regjeringa må gjere alvor av lovnadene, og at vi no må dra i same retning.

 – Regjeringa må spele på lag med forbrukarane, som har klare ambisjonar om å reparere framfor å kjøpe nytt. Vi meiner at dette er eit signal regjeringa bør høyre på, seier ho, og understrekar:

 – Dette er ikkje tida for symbolpolitikk. Skal vi nå berekraftmåla, må vi gjere Noreg til eit føregangsland ved å gjere det mykje billigare for kvar og ein av oss å reparere og ta vare på det vi har i staden for å kjøpe nytt. Då sparer vi både miljøet og pengar, og vi er eit steg nærare å nå berekraftsmåla. 

Andreas Framnes.Foto

Andreas Framnes

Kommunikasjonsrådgiver – mat og helse

Bilde av ansatt: Gunstein Instefjord.Foto

Gunstein Instefjord

Leder for forbrukerpolitikk

Abonner på vårt nyhetsvarsel