Slutt på grønvasking i lufta

7. november, 2025

Å fly er ikkje berekraftig. No lovar flybransjen å skjerpe kommunikasjonen.

I 2023 gjekk Forbrukarrådet og 21 europeiske forbrukarorganisasjonar saman om ei klage til EU-kommisjonen sitt  forbrukarnettverk (CPC-nettverket). Der vart flyselskapa sterkt kritiserte for bruken sin av villeiande klimapåstandar i marknadsføringa.

No har kommisjonen vurdert saka, og kan melde om at flybransjen i stor grad har forplikta seg til å slutte med grønvaskinga.

–Det er veldig gledeleg å sjå at klaga har ført til at bransjen har endra praksis. Å lure forbrukarar til å tru at utsleppa frå flyreiser kan kompenserast med gebyr er openbert ikkje greitt, seier konstituert forbrukardirektør Gunstein Instefjord.

Nasjonale tilsynsstyresmakter i heile Europa vil no følgje tett med på om flybransjen faktisk korrigerer marknadsføringa si, og held det dei lovar.

Nærbilde av flymotor.Foto

Fleire problematiske påstandar

17 selskap vart klaga inn til CPC-nettverket. Av dei var det 15 som flaug til og frå Noreg. To av selskapa var ingen andre enn Norwegian og SAS. Forbrukarorganisasjonane var opptekne av at flybransjen måtte slutte å bruke villeiande påstandar som gav forbrukarane eit inntrykk av at det er mogleg å fly klimavennleg.

–Det er ikkje berekraftig å fly, og forbrukarane skal ikkje lurast til å tru noko anna. Flyselskapa har skodd seg på det dårlege klimasamvitet til forbrukarane ved å tilby dei å betale ekstra for «klimakompensering» eller andre grøne avgifter, seier Gunstein Instefjord.

Det var fleire villeiande marknadsføringstriks som vart påpeika i klaga frå 2023, mellom anna:

  • Påstandar om at det å betale ekstra kan «erstatte», «nøytralisere» eller «kompensere» for CO2-utsleppa frå ei flyreise. Dette kan ikkje dokumenterast, sidan effekten av frivillige aktivitetar er svært usikre, medan skade forårsaka av CO2-utsleppa frå flyreiser er veldokumentert.
  • Flyselskap villeier forbrukarar når dei tek betalte for å bidra til utviklinga av «berekraftig flydrivstoff». Slikt drivstoff er ikkje marknadsklarert. Det betyr at inntil slikt drivstoff vil vere langt meir tilgjengeleg – mot slutten av 2030-talet – vil det i beste fall berre representere ein liten del i drivstofftankane til flya.
  • Å antyde at flyreiser kan vere «berekraftige», «ansvarlege» og «grøne» er villeiande. Ingen av strategiane som blir brukte av luftfartssektoren er i dag i stand til å forhindre klimagassutslepp.

SAS nøler

Dei aller fleste flyselskapa har forplikta seg til å slutte med ei rekkje problematiske påstandar. Men blant dei som ikkje klarer å love endring finn vi SAS.

–Flyselskapet finn det tydelegvis utfordrande å binde seg til å slutte med grønvasking. To og eit halvt år etter at vi klaga dei inn dreg dei framleis beina etter seg, og har enno ikkje rydda opp i openberr grønvasking dei fleste selskapa har klart å fikse, seier Gunstein Instefjord.

Les uttalen frå Forbrukartilsynet: Flybransjen tek grep for å hindre grønvasking

Øyvind.kaldestad.foto

Øyvind H. Kaldestad

Fung. kommunikasjonssjef + strømmarkedet

Abonner på vårt nyhetsvarsel Sjekk Forbrukerrådets podcast

Relaterte saker