Stabilt og høgt fleirtal for aldersgrense ved sal av energidrikk

16. mai, 2023

Sidan 2018 har salet av energidrikk dobla seg, men framleis er støtta til aldersgrense nær uendra. — Energidrikk er ikkje meint for barn, då burde det heller ikkje seljast til barn, seier Inger Lise Blyverket, direktør i Forbrukarrådet.

I 2018 sa 73 prosent av nordmenn at dei støtta ei aldersgrense ved sal av energidrikk. No, fem år etter, viser ei ny undersøking at støtta til ei aldersgrense er nær uendra – til tross for at salet har meir enn dobla seg: Frå litt over 30 millionar liter i 2018, til 73 millionar liter i 2022.

Bilde av fem oransje energidrikk-bokser med merket Monster.foto
Foto: Christian WiedigerUnsplash

Stabilt og høgt fleirtal

Undersøkinga viser at det er eit stabilt og høgt fleirtal for å innføre ei aldersgrense på energidrikk. 68 prosent av dei spurde meiner det bør innførast ei lovpålagd aldersgrense ved sal av energidrikk.

— Sjølv om salet av energidrikk er dobla sidan førre undersøking er støtta til ei aldersgrense nær uendra. Det fortel meg at sjølv om bruken kanskje er meir normalisert, er det framleis stor støtte for at drikken burde ha ei aldersgrense, seier Blyverket.

Forslaget må inn i folkehelsemeldinga, seier ho.

— Vi treng vi eit felles regelverk for alle. Når ikkje bransjen tek ansvar, må politikarane ta det. Derfor er det godt nytt at Ap og Sp no seier dei vil fremje forslag om aldersgrense – det er eit forslag Stortinget bør vedta å innføre, seier Blyverket.

Sjølvregulering ikkje tilstrekkeleg

Veksten i salet av energidrikkar er meir enn dobla sidan 2018 og Forbrukarrådets undersøking (2021) viser at fleire barn drikk meir energidrikk. Dette strir mot dei vedtekne politiske målsetjingane.

Inger Lise Blyverket.Foto
Foto: John Trygve Tollefsen

— Energidrikk skal ikkje drikkast av barn, derfor bør han heller ikkje seljast til barn. Når det likevel skjer, må nokon ta ansvar for å rydde opp. Sjølvreguleringsordningane i bransjen er openbert ikkje tilstrekkelege for å redusere salet og bruken av energidrikk blant unge, seier Blyverket, og understrekar:

— Det er mykje folkeleg støtte for å innføre ei aldersgrense. Foreldre er bekymra, og det må politikarane ta på alvor.

Andreas Framnes.Foto

Andreas Framnes

Kommunikasjonsrådgiver – bærekraft

Relaterte saker