Kontrakt for kjøp av handverkartenester
Handverkarkontrakt kan brukast når du inngår avtale med ein næringsdrivande om mindre og mellomstore arbeid.
Skriv alltid kontrakt. Det gjer det enklare å fastslå kva de er blitt einige om, og gjer at du står sterkare ved ein eventuell konflikt.
Kontrakten kan brukast for avtalar om mindre og mellomstor arbeidar på fast eigedom, men ikkje for nyoppføring av bustad eller anna arbeid som blir gjord som del av dette
Grunnsummen (G) er per 1. mai 2018 kr 96 883.
Kontrakten er utarbeidd av Standard Norge, Forbrukarrådet, Boligprodusentenes Forening, Forbrukarombodet, Husbanken, Huseiernes Landsforbund, Maler- og byggtapetsermestrenes Landsforbund, Norges Byggmesterforbund, Norges Huseierforbund, Norske Rørleggerbedrifters Landsforening – VVS og Norsk Teknologi.
Før du vel handverkar
Det kan vere lurt å sjå igjennom sjekklista vår før du skal velje handverkar.