Test av oppladbare batteri: Sjekk pris før du handlar

15. mars, 2024

Forbrukarrådet har testa 15 ulike oppladbare batteri. IKEA og GP kjem ut på topp, men før du går til innkjøp bør du først sjekke prisen.

Illustrasjonsfoto av oppladbare batterier.foto
Foto: Forbrukerrådet

Les heile testen av oppladbare batteri her.

Det er mange fordelar med oppladbare batteri. Dei kan brukast om igjen, og dermed redusere mengda avfall, og over tid er dei langt meir lønnsame enn tradisjonelle eingongsbatteri. I tillegg har moderne, oppladbare batteri ofte høgare kapasitet og betre yting.

I testen er batteria vurderte etter om dei leverer den kapasiteten dei lovar, om dei held godt etter fleire oppladingar, sjølvutlading og gjennomsnittleg levetid.

Svanemerka testvinnar frå GP, men sjekk også ut andreplassen frå IKEA

Det beste AAA-batteriet er levert av GP, med modellen ReCyko Pro 800mAh. Batteriet presterer godt gjennom mange utladingar, og yter jamt godt i testen vår – også på sjølvutlading. Batteriet er også eit av to produkt som er svanemerka i testen vår (det andre batteriet er ReCyko 950mAh frå same leverandør). Levetida er likevel ikkje den beste, og batteriet får noko trekk for dette. Batteriet blir selt for 99 kroner for ein pakke med fire.

Produktfoto av første- og andreplassen i Forbrukerrådets test av AAA-batterier.foto
Testvinnarane: Høvesvis første- og andreplass for AAA-batteria. Foto: Forbrukarrådet

Den prismedvitne forbrukaren bør likevel også sjekke ut andreplassen frå IKEA: LADDA HR03 AAA 1.2V 750mAh, til 49 kroner for fire batteri: Til halv pris av AAA-testvinnaren får du eit batteri som skårar jamt godt, og samanlikna med GP er det berre eit lite knepp dårlegere på levetida etter fleire oppladingar.  

Av AA-batteriene vi har testa, er det IKEAs LADDA HR06 AA 1.2V 2450mAh som stikk av med sigeren. Dette batteriet kostar 79 kroner for ein pakke på fire, og skårar jamt over høgt. Det einaste dette batteriet får trekk for i testen vår, er at det blir lada ut av seg sjølv fortere enn andre.

Produktfoto av testvinneren i Forbrukerrådets test av AA-batterier.foto
Den oppladbare AA-vinnaren frå IKEA. Foto: Forbrukarrådet

Sjekk prisen før du handlar

Det er svært store variasjonar i pris, frå den rimelegaste pakken til 49 kroner til den dyraste til 250 kroner. Ein del batteri ser også ut til å variere mykje i pris på enkelte nettsider, og vi tilrår å følgje godt med før du går til innkjøp. Vi har henta inn prisar i februar 2024.

— Oppladbare batteri kan vere eit meir praktisk, økonomisk og miljøvennleg val for mange forbrukarar. Men sjølv om du raskt sparer inn pengane ved å kjøpe oppladbare batteri framfor eingongsbatteri, bør du vere obs på at det er store forskjellar i pris. Vi tilrår at du sjekkar dette før du kjøper, seier Gunstein Instefjord, leiar for forbrukarpolitikk i Forbrukarrådet.

Andreas Framnes.Foto

Andreas Framnes

Kommunikasjonsrådgiver – bærekraft

Om testen

Batteria er testa for kapasitet, levetid og ladetid. Kvart batteri er testa med 8 ulike einingar av same modell (batch).

I tillegg er batteria testa for sjølvutlading, der vi ladar opp batteria, lèt dei liggje i 25 dagar, måler spenninga, for deretter å la dei liggje i 25 dagar til. Den prosentvise reduksjonen i spenninga blir deretter registrert og ligg til grunn for delkarakteren.

Vi har også lada opp batteria 200 gonger, for å sjå på dei langsiktige effektane på battericellekapasiteten. Resultata vart målte etter 1, 5, 10, 25 og kvar følgjande 25. syklus opp til 200 syklusar.

Abonner på vårt nyhetsvarsel

Relaterte saker