Dersom årsaka til feilen følgde med kjøpet, kan du reklamere. Er det ein fabrikasjonsfeil, eller du ikkje har fått det du har betalt for, må seljaren ordne opp.
Dersom du kjende til feilen, eller om den skuldast noko du har gjort, eller eit uhell, må du ta rekninga sjølv. Du kan eventuelt sjekke om du har ei forsikring du kan nytte.
Du har krav på at seljaren vurderer klaga di, og vi tilrår at du forheld deg til han. Du har òg moglegheit til å sende klaga til for eksempel importør eller produsent, men det er fritt val for deg.
Seljaren må kanskje gjere undersøkingar for å svare på klaga di. Dersom det viser seg at du sjølv har ansvaret for feilen, kan han ta betalt for det, men berre dersom de avtalte det på førehand. Har seljaren ansvaret, skal du uansett ikkje betale.
Dersom du vil klage på noko du har kjøpt av ein næringsdrivande i EU-landa eller på Island, kan du få hjelp av Forbruker Europa.
Elles i verda er det store variasjonar når det gjeld klagealternativ. Søk på nettet etter kva som gjeld i det landet du har handla i.
Nokre ting er vanskelege å unnvere. Då har du krav på å få låne ei erstatning av butikken dersom det ikkje blir urimeleg dyrt for butikken målt opp mot kva nytte du har av det. Tingen treng ikkje å vere lik din, men skal kunne brukast på omtrent same måte. Du kan be om det frå fyrste dag, og har krav på det dersom det er klart at reparasjonen tek meir enn ei veke.
Dersom du ikkje får låne for eksempel ein mobil, trass i at du har krav på det, kan du ha krav på å heve kjøpet. Det vil seie at du leverer inn det du har kjøpt, og får tilbake pengane.
Forbrukertilsynet kan mekle når du har kjøpt ein ting eller teneste av ein næringsdrivande, og også når du har kjøpt ein ting av ein privatperson. Næringsdrivande kan og ta saka inn til mekling.
Du må rekne med mellom 12-16 veker frå du har sendt inn klaga til vi kan starte meklinga.
Det er også oppretta fleire klagenemnder. Dersom saka fell inn under ein av desse, må du ta saka inn for den nemnda.
Følg eventuelt framgangsmåten den skildrar. Seljaren er ikkje bunden til å følgje vedtaket, men gjer som regel det. I motsett fall kan det gi negativ merksemd, og vedtaket kan dessutan blir brukte i ein eventuell rettsleg prosess.
Det kostar ikkje noko å få saka behandla hos Forbrukarrådet. Det er gratis også hos dei fleste nemndene, men enkelte kan ta eit lite gebyr. Vår erfaring er at saka enklast løyser seg ved mekling utan at innblanding av advokat eller anna juridisk hjelp. Dersom du likevel ønskjer å betale for juridisk hjelp, må du dekkje dette sjølv, utan omsyn til utfall. Ver merksam på at kostnaden ved å nytte advokat ofte blir høgare enn det du krev i sjølve saka.
Dersom du vil klage på noko du har kjøpt av ein næringsdrivande i EU-landa eller på Island, kan du få hjelp av Forbruker Europa.
Elles i verda er det store variasjonar når det gjeld klagealternativ. Søk på nettet etter kva som gjeld i det landet du har handla i.
Saka din må fyrst ha vore til mekling i Forbrukertilsynet. Vidare må klaga gjelde anten ein profesjonell handverkar, ein ting, eller at du ønskjer å nytte deg av angreretten.
Vi sender saka til Forbrukarklageutvalet (FKU) for deg og kan hjelpe deg å fylle ut skjemaet for det, om du vil.
Eit vedtak i FKU er bindande, og eit rettskraftig krav kan drivast inn av namsmannen. Det betyr at du har større moglegheit til å få for eksempel pengane nokon skulder deg.
Prosessane i Forbrukertilsynet og klagenemndene skal halde konflikt- og ressursbruk på lågast mogelege nivå. Det er likevel mogeleg å ta saka til retten med forliksrådet som fyrste instans. Ver merksam på at du då kan få rekninga for sakskostnadene. Har saka vore til behandling i FKU, må den gå rett til tingretten, og du må då vurdere om det er verdt kostnadene.