Tannbleiking og bruktbil peika seg ut i 2023

19. januar, 2024

Forbrukarrådet fekk i fjor over 800 førespurnader frå forbrukarar om tannbleikingsproduktet WhiteBright. I ønsket om perlekvit tanngard har mange vorte lurt inn i eit kostbart abonnement, etter å ha bestilt ein «gratis» prøvepakke.

Forbrukarrådet fekk snaut 50.000 førespurnader på e-post, telefon og via kontaktskjema på nett i fjor. Mange ulike spørsmål til tross: I 2023 var det éin aktør og éin bransje som peika seg ut.

Abonnementsfeller gav i snitt over to førespurnader per dag

Sjølv om Elkjøp er enkeltaktøren med flest førespurnader i 2023, må vi ta omfanget av kundar i betraktning. Då peikar Diamond Dental, abonnementstilbydaren av tannblekingprodukter, seg kraftig ut.

Tannbleikingsproduktet WhiteBright genererte totalt 807 førespurnader til Forbrukarrådet i 2023. Det svarer til i snitt over to førespurnader frå forbrukarar kvar einaste dag.

Dei fleste av førespurnadene dreier seg om såkalla «gratis» prøvepakkar, men som i realiteten fangar forbrukarar inn i ein abonnementsavtale det ofte er vanskeleg å komme seg ut av. 

Inger Lise Blyverket.Foto
Inger Lise Blyverket. Foto: Forbrukerrådet/Helen Mehammer

Slike abonnementsfeller er dessverre vanlege. Det seier Inger Lise Blyverket, direktør i Forbrukarrådet, som viser til særleg slankepiller, tannbleiking og anna skjønnheitspleie som typiske produktkategoriar der du fort kan bli fanga i eit abonnement.

— Mitt beste tips er å gjere ein grundig sjekk av firmaet før du bestiller. Ein sunn skepsis til alt som er «gratis» er også smart, seier Blyverket. 

Forbrukarrådet har delt førespurnadane med Forbrukartilsynet, som mot slutten av 2023 starte ei tilsynssak. Saka er ikkje ferdig behandla. 

Enkeltaktør og talet på førespurnader

Elkjøp1261
Diamond Dental 807
Power Norge559
Telenor490
SAS351
Tesla335
Fjordkraft296
Telia285
Fremtind Service207
Posten182
Sjølv om Elkjøp er enkeltaktøren med flest førespurnader i 2023, må vi ta omfanget av kundar i betraktning.  Då peikar Diamond Dental, abonnementstilbydaren av tannblekingprodukter,  seg kraftig ut.

Høyr meir om tematikken i Forbrukarrådets podkast «Life hacks» her:

Bruktbil tilbake på topp

Med unntak av i fjor, då straumbransjen kom dårlegast ut, har bruktbilbransjen historisk sett vore praksisen som skaper flest førespurnader til oss i Forbrukarrådet. I 2023 fekk vi 4594 førespurnader om bruktbil frå norske forbrukarar.

Det er nesten dobbelt så mange som andreplassen, førespurnader om husleige. Spørsmål om mellom anna kontrakt, leie og avvik ved husrommet, resulterte i 2710 e-postar og telefonar frå både utleigarar og leigetakarar.

Blyverket oppmodar både blivande bruktbilkjøpere- og seljarar og dei som er på jakt etter ny leiebustad til å bruke Forbrukarrådets kontraktsmaler for å unngå konfliktar. 

Bransje og talet på førespurnader:

Bruktbil4594
Håndverkartenester3269
Husleie2710
Klær, sko, vesker etc2375
Innreiing og møblar1751
Flyselskap1748
Straum og nettleie1613
Småelektrisk1381
Kvitevarer999
Nybil998

Endringane i forbrukarkjøpslova gjer det tryggare å handle bruktbil

Nye reglar gjer det også tryggare å handle bruktbil hos bruktbilseljaren i 2024. Den 1. januar tredde nemleg endringar i forbrukarkjøpsloven i kraft, og ei av endringane er at næringsdrivande ikkje lenger kan ta generelle atterhald ved sal til forbrukarar.

— I praksis betyr dei nye reglane at bilar frå nyttår ikkje kan seljast «som han er», eller med tilsvarande atterhald. Viss bilen har kjende feil, må seljar opplyse konkret om desse, og du må uttrykkjeleg og særskilt akseptere dei, seier Blyverket.

Når du skal signere kjøpsavtalen er det ekstra viktig å lese nøye igjennom før du signerer. Viss noko skurrar eller viss det er noko du er usikker på, bør du spørje seljar før du set namnet ditt på kontrakten.  

— Bilar som blir selde privat kan for eksempel seljast «som han er» eller med tilsvarande atterhald. Eg tilrår å skaffe ein tilstandsrapport før du kjøper ein bruktbil som er nokon år gammal. For elbilar kan ein batterihelsetest vere ei smart investering før kjøp, seier Blyverket, og legg til:

— Er du i tvil om avtalen inneheld det han skal, kan du bruke Forbrukarrådets eigen kontrakt for sal av bruktbil

Andreas Framnes.Foto

Andreas Framnes

Kommunikasjonsrådgiver – bærekraft

Dette bør du gjere viss du ønskjer å klage på, eller stoppe eit abonnement:

Når du bestiller varer og tenester på nettet skal seljaren informere om prisen og varigheita av avtalen på ein klar og tydeleg måte. Dette betyr at viss du ikkje fekk denne informasjonen er ikkje avtalen er bindande.

Ver også merksam på at du kan angre på avtalen 14 dagar frå du har fått første sending. Viss du angrar, så gjeld dette også for det tilhøyrande abonnementet.

Viss du ikkje blir samd med selskapet, bør du klage til selskapet og be om at framtidige sendingar blir stoppa. Det kan ikkje krevjast at du skal returnere ei vare du ikkje har bestilt.

Ein eventuell retur må i tilfelle den næringsdrivande betale for. Du kan til dømes be om å få tilsendt frankert returemballasje.

Viss de framleis ikkje blir samde kan du ta saka til mekling hos Forbrukartilsynet, eventuelt klage til forliksrådet.

Dersom du har vorte belasta for eit beløp som du ikkje har godkjent, bør du ta kontakt med banken din snarast mogleg. Banken er forplikta til å tilbakeføre beløp som ikkje er godkjent av deg.

Du bør også gjere kortutferdar merksam på at eventuelle framtidige trekk ikkje er godkjent av deg. Dersom det framleis blir trekt beløp frå kortet mot din vilje, bør du sperre kortet ditt.

Anten du har vorte trekt direkte frå bankko ntoen din, eller du har fått ein faktura i posten er det viktig at du klagar skriftleg til seljar og gir beskjed om at du er usamd i kravet.

Dersom kravet er sendt vidare til eit inkassobyrå er det viktig at du også klagar skriftleg på kravet til inkassobyrået. Legg her ved ein kopi av klaga som du sende til seljar. Be om at saka blir utsett til gyldigheita av kravet er endeleg avgjort. 

Du kan lese meir om inkasso på nettsidene våre.

Abonner på vårt nyhetsvarsel

Relaterte saker