Om oss


Forbrukarrådet er ein uavhengig interesseorganisasjon som hjelper forbrukarane og påverkar styresmakter og næringsliv i ei forbrukarvennleg retning.

Forbrukarrådet er statleg finansiert, men fristilt politisk frå overordna departement (Barne- og familiedepartementet) med særskilde fullmakter, eige styre, og eigne vedtekter fastsette ved kongeleg resolusjon. Direktør i Forbrukarrådet er Inger Lise Blyverket, og Ingvill Kvernmo er styreleiar for Forbrukerrådet frå 1. juli 2022.

Kunnskapen frå kontakten med forbrukarar, styresmakter og næringsliv gir organisasjonen ein eineståande kompetanse om ulike marknader, og Forbrukarrådet sine talspersonar er svært synlege i den offentlege debatten.